Prosjektsjefen er leiar for vegprosjektseksjonen, som per i dag har om lag 60 tilsette.
Vegprosjektseksjonen har ansvar for gjennomføring av ein stor og krevjande portefølje av investeringsprosjekt dei komande åra, i tillegg til forvaltning, drift og vedlikehald av bruer og ferjekaier.
Byggherreverksemda er fordelt på åtte prosjektorganisasjonar:
Prosjektet har ansvar for oppgradering av knappe 30 tunnelar i Møre og Romsdal, som må utbetrast for å fylle krava i tunnelsikkerheitsforskrifta.
Utbetringsarbeidet er starta, og det er venta at kostnadene med å utbetre alle aktuelle tunnelar vil passere 3 mrd.
kroner.
Det er behov for store investeringar på ferjekaiene våre for å kunne ta i mot nye og større ferjer i åra framover.
I perioden 2023-2026 er det sett av om lag 1 mrd.
kroner til investeringar på ferjekaier.
Bypakken er eit samarbeid mellom Møre og Romsdal fylkeskommune, Ålesund kommune og Statens vegvesen, kostnadsramme på 4 mrd kroner dei komande åra.
Vegprosjektseksjonen er i gang med bygging av ny bru til Nerlandsøya i Herøy kommune.
Prosjektet har ei kostnadsramme på 826 mill.
Sikring av fylkesveg 63 mellom Korsmyra og Indreeide i Stranda og Fjord kommunar, skal vere ferdig i 2024.
Prosjektet har ei kostnadsramme på om lag 1 mrd.
kroner.
Prosjektorganisasjonen har ansvar for bruvedlikehald og gjennomføring av større og mindre investeringstiltak på bruer.
Tiltaka kan variere frå små og mellomstore prosjekt til større prosjekt på rundt 100 mill.
kroner.
Prosjektorganisasjonen har ansvar for bygging av mindre vegprosjekt, som t.d.
gang- og sykkelvegar, trafikktryggingstiltak, kollektivtiltak og mindre skredsikringstiltak
Byggherreorganisasjonen i fylkesvegavdelinga har ansvar for prosjektering og bygging av Kjerringsundsambandet.
Bachelor eller master i ingeniørfag (min.
3-årig ingeniørutdanning frå universitet, høgskule eller liknande.
Du blir fast tilsett i vegprosjektseksjonen, som er ein del av fylkesvegavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune.
Vihar kontorstadar i Molde, Ålesund og Kristiansund, og du kan sjølv velje kva for ein kontorstad du ønsker å arbeide ved.
Du må rekne med ein del reising i heile fylket til dei ulike prosjekta og til dei ulike kontorstadane.
Fylkesvegavdelinga har eit stort, samla kompetansemiljø innan planlegging, bygging, drift, vedlikehald og forvaltning av fylkesvegane og har om lag 135 tilsette.
Vi har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga.
Alle med kompetansen vi etterspør er velkomne til å søke ledig stilling hos oss.
Fylkeskommunen har eit viktig samfunnsoppdrag som leverandør av velferdstenester og med eit særskilt ansvar for regional utvikling.