Universitetet i Stavanger har ei ledig stilling som seniorrådgjevar innanfor kommunikasjon og samfunnskontakt. Stillinga rapporterer til direktør for kommunikasjon og samfunnskontakt.
Ønskjer du å arbeide i ei dynamisk avdeling med eit breitt nedslagsfelt? Er du utåtvend med eit strategisk tenkjesett og solid gjennomføringsevne? Då har du moglegheit til å jobbe med dyktige og engasjerte kollegaer i eitt av regionens største fagnettverk for kommunikasjon og samfunnskontakt, i ei verksemd med klare og ambisiøse mål. Stillinga er ledig frå 1.
juni 2024.
Du må ha:
Vidare blir det lagt vekt på at du:
Mangfald er ein ressurs i arbeids- og læringsmiljøet ved UiS.
Når vi har ulike bakgrunnar og erfaringar, kan vi sjå utfordringar frå fleire vinklar og finne betre løysingar.
På UiS er vi opptatt av å vise respekt for kvarandre med dei ulikskapane vi har, og vi legg til rette for tilsette med nedsett funksjonsevne.
Vi tek omsyn til behova dine og situasjonen din i ulike livsfasar.
Om du synest stillinga er interessant, oppmodar vi deg til å søkje, uavhengig av kjønn, funksjonsevne, kulturell bakgrunn eller om du har vore utanfor arbeidslivet ei tid.
Er det kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, kallar me minst inn éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju.
Kjenne du deg igjen i ein av desse kategoriane, kan du kryssa av i jobbsøkjarportalen vår.
Les meir om krava for å bli vurdert som søkjar i desse gruppene her.
Spørsmål om stillinga kan rettast til direktør for kommunikasjon og samfunnskontakt Vibecke Lykke Olsen tlf: 981 16 330 / 51 83 37 91, e-post: vibecke.olsen@uis.no
Spørsmål om tilsetjingsprosessen kan rettast til HR-rådgjevar Salla Oftedal Andersen, tlf: 51 83 19 76, e-post: salla.andersen@uis.no
Søk på stillinga elektronisk via "Søk stillinga" på denne sida.
Her vert minimum søknadsbrev, relevant utdanning og arbeidserfaring samt språkferdighetar registrert. I søknadsbrevet må du få fram kva kompetanse og motivasjon du har for stillinga.
Ein meir utfyllande CV, vitnemål, attestar og eventuelt annan dokumentasjon som du vil det skal tas omsyn til ved vurdering av søknaden, må lastas opp som vedlegg.
Dokumentasjonen må finnast på eit skandinavisk språk eller engelsk.
Dersom vedlegga overskrid 30 MB til saman, må dei komprimerast før opplasting.
Søknaden vert vurdert ut frå informasjonen som er tilgjengeleg i Jobbnorge ved søknadsfristen.
Sørg derfor for at søknaden tydeleg viser korleis evnene og erfaringane dine oppfyller kompetansekrava som det er skrive om over.
Vi gjer merksame på at opplysningar om søkjar kan bli offentleggjorde sjølv om søkjer har bedd om ikkje å bli oppført på offentleg søkjarliste, jf offentleglova § 25.
Dersom ønsket ditt ikkje blir tatt til følgje, vil du bli varsla om dette.
UiS vurderer berre søknadar og vedlegg som er registrert i Jobbnorge.