Beskrivelse
Vinstra vidaregåande skule har ledig inntil 100% vikariat som lærar med spesialpedagogisk kompetanse. Det kan og bli aktuelt med undervisning i norsk for framandspråklege.
Det ligg undervisning både på yrkesfag og studiespesialisering. Det er ønskeleg at den som blir tilsett kan undervise i fleire fag.
Vi søkjer deg som
- likar ungdom og ser alle!
- er god på relasjonsbygging og samarbeid
- sjølvstendig, samarbeidsviljug og bidreg på ein positiv måte i ein delingskultur
- god fagleg- og digital kompetanse
- evner å planlegge og gjennomføre opplæring som sikrar læringsprogresjon for alle elevar
- er utviklingsorientert og reflekterer over eigen praksis og faga dine
- har eit positivt elevsyn
Vi tilbyr
Om stillinga
- inntil 100% stilling som inneheld spesialpedagogikk
- undervisning i eitt eller fleire fag. Aktuelle fag er norsk, engelsk og matematikk
- undervisning på både studieførebuande- og yrkesfagleg studieretning
- tilrettelagt undervisning
- spesialundervisning
Arbeidsoppgåver
- undervisning
- oppfølging av elevar
- samarbeid med interne- og eksterne samarbeidspartnarar
- pedagogisk- og fagleg utviklingsarbeid
- bidra og delta i skulen sitt utviklingsarbeid
Ønskte kvalifikasjoner
- relevant universitets- eller høgskuleutdanning innan spesialpedagogikk
- undervisningskompetanse innan fagområde i vidaregåande opplæring
- det vil bli lagt vekt på om du er personleg egna til stillinga
Søknad
Innlandet fylkeskommune ønsker at arbeidsstyrken skal speile mangfaldet i befolkninga og oppmodar difor alle som er kvalifisert i samsvar med krava i stillinga til å søke hjå oss.
Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det.
Det vil bli lagt vekt på om du som person er eigna for stillinga.
Vi gjer merksam på at alle søkarar kjem på offentleg søkarliste, jf.
offentleglova § 25.
Unntak frå dette blir behandla etter grunngjeving i tekstfeltet til søknaden.
Vi gjer merksam på at overtallige i fylkeskommunen kan ha fortrinnsrett til stillinga.
Innlandet fylkeskommune nyttar elektronisk søknadsskjema.
Vi ber aldri om bank-ID informasjon i søknadsprosessen.
Vi ser fram til å motta søknaden din.
Link til søknadsskjema:
Søk her