Bygg og anlegg
Helse og sosial
Håndverkere
IT
Industri og produksjon
Kontor og økonomi
Kultur og kreative yrker
Natur og miljø
Reiseliv og mat
Salg og service
Sikkerhet og beredskap
Transport og lager
Uoppgitt/ ikke identifiserbare
Utdanning
 
 
< tillbaka
 

Sjukepleier/Helsesekretær

Ønskjer du ein kjekk og variert arbeidsdag? Då kan dette vere den rette arbeidsplassen for deg!

Laboratoriet i Odda er ein del av avdelinga for laboratoriemedisin i Helse Fonna, og vi treng å styrkja bemanninga på dagtid.
Laboratoriet har døgnkontinuerlig drift, men denne stillinga inngår ikkje i turnusordninga.
Arbeidsoppgåvene vil i hovudsak bestå av blodprøvetaking av inneliggande og polikliniske pasientar, i tillegg til tapping av blodgivarar.


Vi er ein samansveisa gjeng som likar å ha det kjekt på jobb, og vi ser fram til å få ein ekstra person med på laget.

Høyrest dette interessant ut? Ta kontakt for ein uformell prat eller send inn ein søknad!

Odda ligg i Sørfjorden i Hardanger og er kjend som eit av dei vakraste områda i Noreg.
Du finn fotturar i alle kategoriar - Trolltunga er berre eitt eksempel på kva Odda si natur kan tilby.
For den som ønskjer andre utfordringar finn du blant anna brevandring, kajakkpadling, sykkelturar, fruktgårdar, museum og festivalar.

 


Arbeidsoppgåver

  • Blodprøvetaking av inneliggande og polikliniske pasienter
  • Tapping av blodgivere
  • Bruk av enkle pasientnære instrumenter
  • Andre oppgåver etter opplæring

Kvalifikasjonar

  • Sjukepleier eller helsesekretær med norsk autorisasjon
  • Beherske norsk skriftleg og munnleg
  • Er nøyaktig og kan jobba effektivt og systematisk

Personlege eigenskapar

Hos oss er det viktig at du:

  • er sjølvstendig, ansvarsbevisst, fleksibel og serviceinnstilt
  • har gode kommunikasjon- og samarbeidsevner
  • bidrar til eit godt arbeidsmiljø

Vi tilbyr

  • Faglege utfordringar og høgt fagleg nivå  
  • Interessante og varierte arbeidsoppgåver 
  • Godt arbeidsmiljø og engasjerte medarbeidarar
  • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Mangfaldserklæring
Helse Fonna ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår.
Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn.
Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet.
Helse Fonna ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Kontaktinformasjon

Randi Djønne, Funksjonsleiar, +47 53651123, randi.djonne@helse-fonna.no

Arbeidsstad

Sjukehusvegen 10
5750 Odda

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

Referansenr.: 4802146674
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 05.05.2024

Laboratoriet Odda, Helse Fonna HF


Sjukehusvegen 10
5750 Ullensvang
Norge
publicerad: 2024-04-24
Sjukepleier/Helsesekretær
Heltid
Fast
epost
sista ansökningsdag: 2024-05-05
erfarenhet:




Källa: ArbetsAnnonser.se