Bygg og anlegg
Helse og sosial
Håndverkere
IT
Industri og produksjon
Kontor og økonomi
Kultur og kreative yrker
Natur og miljø
Reiseliv og mat
Salg og service
Sikkerhet og beredskap
Transport og lager
Uoppgitt/ ikke identifiserbare
Utdanning
 
 
< tillbaka
 

Er du ein tydeleg, omsorgsfull og utviklingsorientert lærar? Då er det deg me vil ha!

Velkomen som søkjar til undervisningsstillingar i Tysnes kommune!

 

Tysnes kommune har ledig:

  • 100 % fast undervisningsstilling frå 01.08.2024
  • 100 % mellombels undervisningsstilling frå 01.08.2024-31.07.2025
  • 50 % mellombels tilsetjing frå 01.08.2024-31.12.2024 med høve til forlenging.

Me har behov for kompetanse i norsk, engelsk og matematikk.
Til den eine stillinga er det ønskje om erfaring frå undervisning i valfag, gjerne friluftsliv, trafikk eller programmering, eller arbeidslivsfaget.
For begge fulltidsstillingane må du pårekna kontaktlæraransvar. 

 

Tysnesskulane

I Tysnes har me tre grunnskular og vaksenopplæring:

  • Onarheim skule 1-7.
    trinn
  • Uggdal skule 1-4.
    trinn
  • Tysnes skule 5.-10.
    trinn og vaksenopplæring

Skulane jobbar tett saman om utviklingsarbeid og med kompetansedeling, og har blant anna felles planleggingsdagar.
På kva skule jobbar me heile tida med å skapa gode relasjonar til elevane med å sikra eit trygt læringsmiljø, der me legg vekt på å fremja helse, trivnad og læring.
Skulane har som mål at alle elevane er del av eit lærande og inkluderande fellesskap. Me arbeidar etter eit positivt elevsyn: "Barn er ikkje vanskelege, men dei kan ha det vanskeleg". 

Me ønskjer at du skriv i søknaden kva fagkompetanse du har undervisningskompetanse i.

Det ka bli mogleg at skulane treng ytterlegare stillingar.


Kva går stillinga ut på?

  • Planleggja og gjennomføra undervisning
  • Ha god fagkunnskap og kunne engasjera
  • Skapa eit trygt, godt og inkluderende læringsmiljø for elevane med god klasseleiing.
  • Delta i og bidra til lærande fellesskap ved skulane.
  • Delta i tverrfagleg samarbeid.
  • Ha god kontakt med elevar og føresette.

Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

  • Godkjend lærarutdanning 1.-7.
    trinn og 5.-10.
    trinn iht.
    opplæringslova.
  • Ønskjeleg med kompetanse i basisfaga: norsk, matte og engelsk.
  • God kompetanse om klasseleiing og tilpassa opplæring.
  • God fag/metode/ relasjons- kompetanse.
  • Erfaring frå eller ønskje om å undervisa i valfag er ein føremon.
  • Gode digitale ferdigheiter og kunnskap om pedagogisk bruk av IKT.

Ved tilsetjing må du legga fram politiattest før tiltreding.

Kva ser me etter hos deg?

For å lykkas i denne stillinga, er det viktig at du evnar å skapa eit trygt, godt og inkluderende læringsmiljø.
Du må ha evna til å skapa gode relasjonar, og visa positiv haldning og ha forventning til alle elevane si faglege og sosiale utvikling.
I tillegg er det viktig at du tek konstruktive initiativ til, og er medskapande i samarbeidsprosessar, er fleksibel og endringsvillig, samt nysgjerrig på arbeidsoppgåver og arbeidsmåtar.

Kvifor skal du velja oss?

Blir du motivert og engasjert av å arbeida i eit læringsfellesskap som jobbar for å gje alle elevane våre ei oppleving av å meistra og høya til? Då trur me at du vil trivas hos oss! Me er oppteken av det samla samfunnsoppdraget til skulen og korleis me kan utøva dette best mogleg for elevane våre.
Me har stort fokus på fagleg påfyll og utvikling, og samarbeidar tett med dei øvrige skulane og oppvekstsektoren elles.
Me er oppteken av at alle i Tysnesskulane skal oppleva å vera ein del av eit sterkt profesjonsfellesskap med gode relasjonar til elevane.
Me jobbar for å bygga gode team og med å nytta den interne kompetansen best mogleg.

Tilsetjing hos oss gjer deg medlemskap i SPK - Statleg pensjonskasse.
Det betyr blant anna at du får ei av dei tryggaste pensjonsordningane i Noreg, samt høve til å søkja om bustadlån med gunstige vilkår.

Løn etter gjeldande tariffavtalar og lokalt lønssystem.
Kontaktlærartillegg er miniumum kr 24.500 pr år.
Nyutdanna lærarar vil få rettleiing dei to fyrste åra.

Verdt å merka seg før du søkjer
Me vil at du skal kjenna deg trygg på valet når du takkar ja til å jobba hos oss.
Dersom du er aktuell for stillinga, tilbyr me deg ein omvendt referansesjekk.
Det betyr at du får ringa nokre av våre medarbeidarar og stilla dei spørsmåla du ønskjer for å finna betre ut om me er ein god match.

Mangfaldserklæring
Tysnes kommune ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår.
Me oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn.
Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet.
Me ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering. 

Kontaktinformasjon

Helga Krossnes Sunde, Rektor Uggdal skule, 48 05 88 44, helga.krossnes.sunde@tysnesoppvekst.no
Kari Lande, Rektor Tysnes skule, 41 33 41 30, kari.lande@tysnesoppvekst.no

Arbeidsstad

Uggdalsvegen 301
5685 Uggdal

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Tysnes kommune

Referansenr.: 4801372493
Stillingsprosent: 100, 50%
Fast, Vikar
Søknadsfrist: 05.05.2024

Tysnes kommune


Uggdalsvegen 301
5685 Tysnes
Norge
epost
webbsida: tysnes.kommune.no
antal lediga platser: 3
publicerad: 2024-04-17
Undervisningsstilling
Heltid
Fast
epost
sista ansökningsdag: 2024-05-05
erfarenhet:




Källa: ArbetsAnnonser.se