Bygg og anlegg
Helse og sosial
Håndverkere
IT
Industri og produksjon
Kontor og økonomi
Kultur og kreative yrker
Natur og miljø
Reiseliv og mat
Salg og service
Sikkerhet og beredskap
Transport og lager
Uoppgitt/ ikke identifiserbare
Utdanning
 
 
< tillbaka
 

Faglært kokk - vikariat

Ledig stilling som kokk

I eining for velferd, Nissedal omsorgssenter, er det ledig eit 60-80% vikariat som faglært kokk.
Stillinga er ledig frå 01.05.23-31.12.23.
Id 2023/343

Nissedal omsorgssenter søkjer etter ein dyktig faglært kokk som skal arbeide med å utvikle gode og næringsrike måltidsopplevingar til glede for bebuarar, og heimebuande som får middagslevering.

Kjøkkenet lagar mat til 15 institusjonsbebuarar, og leverar middag til 10-15 heimebuande tre dagar i veka. 

Det er to tilsette på jobb dei fleste vekedagar og ein tilsett i helgene. 

Kjøkkenet har eit nært samarbeid med pleieavdelingane i forhold til å lage tilpassa mat og etterkome ynskje. 

Ein ser på kok – kjølsystem for å gjere kjøkkenet mindre sårbart i feriar o.l.
samt at det gjer ein moglegheit for å redusere helge/heilagdagsarbeid på sikt. 

Kjøkkenet står også overfor ei stor ombygging, og omsorgssenteret har starta ein kafé for pasientar, pårørande og andre.
Eit tilbod som er under utvikling. 

Stillinga inneber dagarbeid i vekene og dagarbeid i turnus kvar 3.helg, der du jobbar sjølvstendig. 

Kvalifikasjonar:    

  • Institusjonskokk, eller anna relevant utdanning som kokk
  • Personar med anna relevant kompetanse/praksis kan og søkje
  • Personlege eigenskapar:
  • Oppteken av god og bra mat i eldreomsorga
  • Sjølvstendig
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Positiv og fleksibel
  • Kreativ og engasjert
  • Serviceinnstilt
  • Personleg eignaheit vil bli lagt vekt på. 

Anna: 

  • Tilsetjingsvilkår etter gjeldande lov, tariffavtale og kommunen sitt reglement
  • Ved interne tilsetjingar kan andre stillingar bli ledige
  • Ved tilsetjing blir det stilt krav om politiattest
  • Me gjer merksam på at namn på søkjarar kan bli offentleggjort i høve til offentleglova § 25
  • Kopi av vitnemål og attestar skal leverast i samband med intervjuet

Nærare opplysningar om stillinga får du ved å kontakte institusjon tlf.
35 04 84 60 

Send søknad på elektronisk søknadsskjema.


Nissedal kommune ligg sør i Vest-Telemark, og er ein kommune i vekst.
Treungen er administrasjonsstaden, og andre tettbygde stader er Kyrkjebygda, Fjone, Haugsjåsund og Felle.

Nissedal kommune


Treungvegen 398
3855 Nissedal
Norge
webbsida: nissedal.kommune.no
Institusjonen
35 04 84 60
publicerad: 2023-03-21
Heltid
start: 2023-05-01
Fast
referens: www.fvn.no/stillingledig/#/landingPage/landingpage/36051
sista ansökningsdag: 2023-03-29
erfarenhet:




Källa: ArbetsAnnonser.se