Bygg og anlegg
Helse og sosial
Håndverkere
IT
Industri og produksjon
Kontor og økonomi
Kultur og kreative yrker
Natur og miljø
Reiseliv og mat
Salg og service
Sikkerhet og beredskap
Transport og lager
Uoppgitt/ ikke identifiserbare
Utdanning
 
 
< tillbaka
 

Maskinist på opplæringsfartøyet M/S Skulebas

MAL - MÅLØY VGS, Vestland fylkeskommune

Måløy vidaregåande skule er leverandør av opplæring innan mange fagfelt, og har eit særleg fokus på marin og maritim opplæring.
Skulen tilbyr desse utdanningsprogramma: Naturbruk, Maritime fag, Bygg- og anleggsteknikk, Teknologi- og industrifag, Studiespesialisering, Helse- og oppvekstfag, Restaurant- og matfag, Informasjonsteknologi og medieproduksjon, YSK (yrkes- og studiekompetanse) innan Helse, Akva og TIF.
I tillegg er Sikkeheitssenteret i Måløy (SIM) med sine kurstilbod organisert som eiga avdeling under Måløy vgs.

Måløy vidaregåande skule får levert nytt opplæringsfartøy 30.juni 2023, M/S Skulebas vert 35,3 m lang og 9,5 m brei.
Båten vert utrusta for fiske med line, garn, trål og snurrevad som vil gje elevane unik kompetanse og erfaring frå dei ulike fiskeria.
Framdriftsmaskineri vert elektrisk med hybridløysing for produksjon og lagring av energi, med lading frå land eller dieselgeneratorar og lagring i ein batteribank på 1028kwt.  Fartøyet vert klassa som lasteskip med fartsområde liten kystfart/bankfiske 1.
Det vert elektrisk autolinesystem og hydraulisk garnhalar, kombivinsjar og kranutrusting.

Lugarar vert bygde etter dagens standard, enkeltlugar for mannskap og fleirmanns for elevar. 

 Arbeidsoppgåver

Teknisk og operativt ansvar for drift av fartøyet, herunder oppfølging av klassekrav, oppfølging av ferdigstilling av byggeprosess, oppfølging av vedlikehaldssystem m.m. 

Skulen legg opp til ca 15-20 veker med fiskeri i skuleåret, der 7  av desse er to lengre tokt med Havforskingsinstituttet (4veker) og lofotfiske etter torsk (3veker).
Resterande veker vert nytta til fiskeri med dagsturar i lokalt område.
Fartøyet vert også nytta til opplæring innan dekk og maskin både for vidaregåande- og fagskuleutdanning i stor grad korte seglasar.

Kvalifikasjonar

  • Søkjar må inneha kompetansesertifikat for framdriftsmaskineri på 900 Kw., minimum M3.
  • Det er ynskjeleg med erfaring frå fiskeri innan dei fiskeredskapa vi har. 

Personlege eigenskapar

Vi ynskjer oss medarbeidarar som saman med resten av dei tilsette ved skulen kan vere med å skape eit profesjonsfellesskap som er prega av stoltheit, openheit og tryggleik.

Vi ser etter personar som:

  • Er gode på relasjonsbygging og har gode evner til å kommunisere.
  • Har eit sterkt elevengasjement og er opptatt av eleven sitt beste.
  • Ynskjer å bidra aktivt i profesjonsfelleskapet.
  • Arbeider sjølvstendig og strukturert.
  • Er kreativ, fleksibel og løysningsorientert.

Vi tilbyr

  • Løn og lønsutvikling i tråd med Vestland fylkeskommune sin lønspolitikk.
  • Gode forsikrings - og pensjonsordningar.

Meir informasjon om skulen finn du på nettsida: www.maloy.vgs.no Det blir teke atterhald om tilsetjing då overtalige ved andre skular kan ha førsterett til stillinga.
Ta med  attestar og vitnemål til eit eventuelt intervju.
Gje opp minst to referansar.

Tilsetting skjer på grunnlag av lov- og avtaleverk og føreset nyare politiattest.
Stillinga har seks månader prøvetid.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2.
ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste.
Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk.



Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet.
Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket.
Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering.
Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Lokalsamfunna er ramma for gode kvardagsliv som gjev like mogelegheiter til å delta i verdiskaping i heile Vestland.
Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen.

Vestland fylkeskommune


Nordfjordvegen 9109
6718 Kinn
Norge
webbsida: vestlandfylke.no
Knut Olav Bjørnholm
avdelingsleiar
93207172
publicerad: 2023-01-30
Heltid
start: Etter avta
Fast
referens: www.smp.no/stillingledig/#/landingPage/landingpage/35018
sista ansökningsdag: 2023-02-20
erfarenhet:




Källa: ArbetsAnnonser.se