Heimetenesta har heimesjukepleie, praktisk bistand og dagtilbod under sitt ansvarsområde. Heimetenesta har base på sjukeheimen og server innbyggarane frå Tittelsnes i nord til VIkse i sør.
Basen ligg om lag 17 minutt frå Haugesund og 25 minutt frå Stord.
Avdelinga har eit godt miljø, godt samarbeid, fagleg fokus og mykje godt humør.
Me er ei samla arbiedsgrupe som brenn for å yte fagleg gode teneter til våre brukarar. Me tar godt i mot nytilsette, og du skal få ei god opplæring.
Me er opptatt av at du trivs og føler deg trygg i avdelinga.
Me har ledig 75% stilling som praktisk bistand / heimehjelp.
Arbeidstid er på dagtid.
Arbeidsoppgåver
- Aktivt jobbe for at brukarane kan mestre å bu heime så lenge som mogleg.
- Aktiv bruk av kvardagsrehabilitering og velferdsteknologi som verktøy, for at brukarane skal kunne få ei trygg og god teneste.
- Heimetenesta arbeidar tverrfagleg med andre tenester i i kommunen som tenestekontoret, psykisk helse, hjelpemiddel lager, fysio/ergo og Sveio omsorgssenter.
- Oppgåver i stillinga er å utføre praktisk bistand i heimen hos brukarane etter vedtak frå tenestekontoret,
Kvalifikasjonar
- Fagbrev som reinhaldar, men andre med relevant erfaring kan og vurderast.
- Personlege eigenskaper.
- Sertifikat kl.B
- Må ha godkjent politiattest.
Personlege eigenskapar
- Er fleksibel og løysingsorientert.
- Har gode samarbeidsevner og kan arbeide sjølvstendig.
- Ha evne til å setje fag, kvalitet og service i fokus.
- Ønskjer å bidra til eit godt arbeidsmiljø, og ein god læreplass for elevar og studentar.
Vi tilbyr
- Kommunen har eigne bilar.
- Dyktige kollegaer i eit godt arbeidsmiljø.
- Tilsetjing på vanlege kommunale vilkår.
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar.
Kontaktinformasjon
Kjersti Bagne, Fagansvarleg Heimetenesta, 53748251, Kjersti.Bagne@sveio.kommune.no
Camilla Selbak, Einingsleiar Pleie- og omsorg, 95154037, camilla.selbak@sveio.kommune.no
Arbeidsstad
Løkjavegen 35
5550 Sveio
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Sveio kommune
Referansenr.: 4790490673
Stillingsprosent: 75%
Fast
Startdato: 27.05.2024
Søknadsfrist: 10.04.2024