Bygg og anlegg
Helse og sosial
Håndverkere
IT
Industri og produksjon
Kontor og økonomi
Kultur og kreative yrker
Natur og miljø
Reiseliv og mat
Salg og service
Sikkerhet og beredskap
Transport og lager
Uoppgitt/ ikke identifiserbare
Utdanning
 
 
< tillbaka
 

Operativ avdelingsleiar for barn- og familieteamet

Om stillinga

Osterøy kommune søker ein kreativ og utviklingsorientert leiar for Barn og familieteamet.
Teamet arbeider førebyggjande og tverrfagleg for å gi forsvarlege tenester til barn, unge og deira familiar.
Dei tilbyr både lågterskel- og barnevernstiltak, og består av ein psykolog, to miljøterapeutar og to familieterapeutar.

Barn og familieteamet høyrer til sektor for oppvekst, utdanning og kultur, og er ein av fire avdelingar i Familiens hus.
Familiens hus er eit tverrfagleg kommunalt tilbod som inkluderer PPT, Helsestasjon og Barnevern, med mål om auka samhandling mellom tenestene for å styrke tilbodet til born, unge og familiar gjennom tidleg innsats.

Stillinga er 100 % og ledig frå 01.juli 2024.


Arbeidsoppgåver

  • Overordna ansvar for avdelinga; personal, økonomi og fagansvar
  • Utøve leiing i tråd med verdigrunnlaget til kommunen, strategiske planar og gjeldane lov og regelverk, og dessutan andre styringsdokument.
  • Deltakar i leiinga av Familiens hus som bidreg til å sikra raud tråd med kommunale satsningsområdar og arbeid i eigen eining og sektor.
  • Deltaking i utviklingsarbeid i samarbeid med sektor for Oppvekst, undervisning og kultur
  • Tverrfagleg samarbeid
  • Samtalar med barn og unge og deira nettverk
  • Delta aktivt i tverrfagleg samarbeid både internt og eksternt
  • Sikra høg kvalitet på det tverrfaglege samarbeidet

Vi tilbyr

  • Jobba i eit breitt samhandlingsfelt med stort ansvarsområde 
  • Varierte oppgåver og spannande utviklingsprosjekt 
  • Offentleg tenestepensjonsordning 
  • Løn etter gjeldsande avtaleverk

Kvalifikasjonskrav

  • Krav om tre årig bachelor innan helse og sosialfagleg høgskule/universitet
  • Krav om minimum 60 studiepoeng med vidareutdanning innan psykologi, familieterapi eller anna relevant vidareutdanning innan helse og sosialfag. 
  • Krav om arbeidserfaring frå tilsvarande arbeid
  • Ønske om leiarerfaring/utdanning
  • Personleg eignaheit vert særskilt vektlagt

Kven er du?

  • Du har har leiareigenskapar og høg arbeidskapasitet
  • Du har evne til å arbeide sjølvstendig, i team og tverrfagleg.
  • Du er trygg, tydleg og tilstedeværande som operativ leiar
  • Du har gode evner til utvikling og endring
  • Du har evne til å ta leiaransvar og oppnå gode resultat
  • Du er engasjert for medverknad og brukarstyrte tenester med barnets beste i fokus.
  • Du har til å møte menneskjer med varme og respekt
  • Du har god munnleg og skriftleg framstillingsevne 
  • Du leiar med fokus på mestringsorientert leiing i tråd med kommunen sitt verdigrunnlag

Offentleg tenestepensjon

 I denne stillinga har du rett på ei av Noregs sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon.
Der dei fleste tenestepensjonar berre utbetalast i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varar frå den dagen du sluttar å arbeide - og livet ut! 

Pensjonen inkludera og uføre- og etterlattepensjon dersom noko uventa skulle skje.
Med pensjonsrett i KLP får du og medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareproduktar! 

Sjå vår Pensjonsguide for meir informasjon om kva for godar du som tilsett i Osterøy kommune får med deg! 


Osterøy kommune


Geitaryggen 8
5282 Osterøy
Norge
webbsida: osteroy.kommune.no
publicerad: 2024-04-18
Operativ avdelingsleiar for barn- og familieteamet
Deltid
Fast
referens: https://www.jobbnorge.no/ledige-stillinger/stilling/261660
sista ansökningsdag: 2024-05-05
erfarenhet:




Källa: ArbetsAnnonser.se