Vil du bidra til å skape gode dagar for barn og unge ved Hildre Montessoriskule?
Frå og med 01.08.24 blir det ved Hildre Montessoriskule ledig 100% vikariatstilling som lærar.
Det kan bli kontaktlæraransvar i stillinga.
Om stillinga
• 100% vikarstilling som lærar med oppstart 01.08.24
• Varigheit ut skuleåret 2024/2025 med høve for forlenging
• Søknadsfrist 05.05.2024
Arbeidsoppgåver
• Undervisning av elevar ihht.
opplæringslova, med utgangspunkt i dei grunnleggande prinsippa i Montessori-læreplanen
• Fagleg og sosial oppfølging av elevar
• Potensielt kontaktlæraransvar
• Tett samarbeid med konseptansvarleg om det montessoripedagogiske
• Tett samarbeid med kollegaer Kvalifikasjonar • Godkjend undervisningskompetanse for tilsetjing i grunnskulen og/eller formell utdanning • Fortrinnsvis tilleggsutdanning i montessoripedagogikk
• Fortrinnsvis undervisningskompetanse innan norsk, samfunnsfag og/eller RLE på ungdomsskulenivå
• Fortrinnsvis spesialpedagogisk kompetanse
Personlege eigenskapar
• Du er nytenkande og har høge ambisjonar for elevane og organisasjonen si læring
• Du har gode samarbeidsevner, er open, inkluderande, skaper tillit og engasjement
• Du er ein god rollemodell for elevane og er ein god relasjonsbyggar
• Du er strukturert, målretta og har gjennomføringsevne
• Du har god nynorsk skriftleg og munnleg framstillingsevne
• Personlege eigenskapar vil bli vektlagt
Vi tilbyr
• Lønn etter gjeldande tariff
• Arbeidstidsordning etter sentralt avtaleverk
• Gode pensjons- og forsikringsordningar
• Utfordrande og spennande oppgåver
• Geografisk område i vekst
• Høve for varig tilsetjing ved behov
• Eit skulemiljø med engasjerte kollegaer, føresette og skuleeigarar
• God oppfølging av konseptansvarleg og rektor Det krevjast godkjend politiattest for arbeid i skulen.
For meir informasjon, sjå heimesida www.hildreskule.no, for spørsmål og søknad ta kontakt med:
Steffen André Kråkenes (dagleg leiar/rektor) på 91 19 13 34 og e-post: steffen.krakenes@hildreskule.no
Søknadsfrist: 05.05.24