Bygg og anlegg
Helse og sosial
Håndverkere
IT
Industri og produksjon
Kontor og økonomi
Kultur og kreative yrker
Natur og miljø
Reiseliv og mat
Salg og service
Sikkerhet og beredskap
Transport og lager
Uoppgitt/ ikke identifiserbare
Utdanning
 
 
< tillbaka
 

Fagarbeidar

Vår barnehage har for tida 48 plassar fordelt på 3 avdelingar.
Fokusområde hjå oss er inkluderande leikemiljø, fysisk og psykisk helse samt friluftsliv.
Det er ca 25 tilsette ved oppvekstsenteret, omtrent halvparten av dei i barnehagen.

Oppvekstsenteret ligg flott til mellom omsorgssenter, camping, daglegvarebutikkar og Dale kyrkje ved Lustrafjorden.
Me har fleire fine turområder nær oss, eit godt fagmiljø og me er opptekne av barn sine rettar. 

Vår visjon:
Luster oppvekstsenter - ein god stad å vere, leike og lære.

Stillingsinformasjon

  • Luster oppvekstsenter avd barnehage søkjer etter fagarbeidar 100 % fast frå 01.07.2024

Kvalifikasjonskrav

  • Utdanning som fagarbeidar i barne- og ungdomsfaget og gjerne relevant erfaring
  • Annan relevant utdanning/kompetanse kan vurderast

Personlege eigenskapar som vert vektlagde

  • auge for det einskilde barn
  • tydeleg vaksenperson som både er omsorgsfull og kan setje grenser
  • har god leikekompetanse saman med barn både ute og inne
  • gode samarbeidsevner
  • vere fleksibel og skape gode relasjonar til både born, foreldre og medarbeidarar
  • fleksibel og løysingsorientert i ein travel kvardag
  • kjenner seg heime i visjonen vår
  • ønskje om å bidra positivt i arbeidsmiljøet vårt 
  • evne til å lære noko nytt og utvikle ny gjerekompetanse innanfor arbeidsfeltet

Me kan tilby

  • Arbeid i ein veldriven kommune med gode og sikre rammevilkår
  • Eit godt og stabilt arbeidsmiljø med høg fagkompetanse
  • Gode moglegheiter for fagleg utvikling
  • Kommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk

Andre opplysningar 

  • Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk
  • Alle faste nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader
  • Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2.
    ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste.
    Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort
  • Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit

Link til søknadsskjema: Søk her

Luster kommune Luster oppvekstsenter


Lustravegen 3300A
6872 Luster
Norge
publicerad: 2024-04-23
Heltid
Fast
sista ansökningsdag: 2024-05-12
erfarenhet:




Källa: ArbetsAnnonser.se