Stillinga som HMT-leiar rapporterer til personal og organisasjonssjef og er organisert i lønn og personalavdelinga.
HMT-leiar har ansvar for oppdatering, oppfølging og vidareføring av det systematiske HMT-arbeidet, og skal vera ein ressurs for einingane som rådgjevar og pådrivar for HMT-arbeidet.
Det er ledig vikariat i 100% stilling som HMT leiar frå medio august 2024 til 20.04.2025.
Hovudoppgåver
- Oppdatering, oppfølging og vidareføring av HMT-systemet
- Følgja opp sjukefråværsarbeid og rapportere til kommunedirektør og AMU
- Råd og rettleiing til leiarar, vernetenesta og tillitsvalde i personalsaker
- Oppfølging forbetringsforslag og avviksmeldingar innan HMT
- Bidra og legga til rette for arbeid med vår arbeidsgjevarpolitikk og prosessar knytt til dette, ut i organisasjonen
- Kontakt med bedriftshelsetenesta, aktuellajobb.se og andre samarbeidspartnarar i HMT arbeidet
- Planleggja og følgja opp kurs og opplæring innan ansvarsområdet
- Sakshandsamar i Arbeidsmiljøutvalet og Trepartssamarbeidet
Me ønskjer ein HMT-leiar som
- er fagleg sterk og har fokus på mål- og resultatoppnåing
- arbeidar sjølvstendig og har leiarerfaring
- har gode samarbeidsevner og er eit positivt bidrag til arbeidsmiljøet
- har forståing for offentlege prosessar
- har god munnleg og skriftleg framstillingsevne
- har gode datakunnskapar
Kvalifikasjonar:
- Utdanning frå høgskule eller liknande innan helse, miljø og tryggleik
- Kompetanse og praksis innan HMT
Me kan tilby:
- Spanande og utfordrande arbeidsoppgåver i ein kommune i vekst og utvikling
- Positive og dyktige medarbeidarar
- Løn etter avtale og gode pensjonsvilkår
- Stord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy med båt og utleige av tilhengarar mm.
- Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk
Offentlig tenestepensjon i KLP - Kort fortalt
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast.
Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista.
Søkjaren vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.
Nærare opplysingar får ein ved å venda seg til Personal- og organisasjonssjef Siren Eldøy Hinderaker tlf 922 20 894