Bygg og anlegg
Helse og sosial
Håndverkere
IT
Industri og produksjon
Kontor og økonomi
Kultur og kreative yrker
Natur og miljø
Reiseliv og mat
Salg og service
Sikkerhet og beredskap
Transport og lager
Uoppgitt/ ikke identifiserbare
Utdanning
 
 
< tillbaka
 

Leder Bypakken Ålesund Kommune

Ålesund kommune søkjer etter ein leiar som får det overordna ansvaret for å utvikle, planlegge og gjennomføre dei kommunale prosjekta i Bypakke Ålesund.

Ålesund by vil i dei komande åra gå gjennom ei stor endring og utvikling.
Bypakke Ålesund er eit av dei største samferdselsprosjekta i kommunen nokon gong.
Fem milliardar kroner skal nyttast for å forbetre vegane, byggje sykkelvegar, tryggje dei mjuke trafikantane og leggje til rette for auka bruk av kollektivtransport. 

Bypakke Ålesund er eit samarbeidsprosjekt mellom Statens Vegvesen, Møre og Romsdals fylkeskommune og Ålesund kommune der alle har sine porteføljer dei skal gjennomføre.
Prosjekta varierer både i storleik og form.
I porteføljen ligg mellom anna fleire spennande byutviklingsprosjekt, nye sykkelvegar,samt trafikksikring- og kollektivprosjekt.
Dei fleste prosjekta som  kommunen ledar ligg i ein storleiksorden på 10–20 millionar kroner, og den totale kommunale porteføljen er på 415 mill.
kr.
Stillinga vil vere knytt til prosjektavdelinga i verksemd for Miljø og samferdsel, og føreset eit tett samarbeid med fleire verksemder i kommunen, samt med eksterne aktørar. 

Som leiar for Bypakken i Ålesund kommune vil arbeidskvardagen vere variert og innhaldsrik.
Du får ansvar for å utvikle, planlegge og gjennomføre byggeprosjekt i den kommunale porteføljen til Bypakken, samt i samarbeidsprosjekta til Bypakken.
Du vil vere ansvarleg for en intern prosjektgruppe på 5-6 personar.
Du vil vidare delta i dei store samarbeidsprosjekta med Statens vegvesen og Møre og Romsdal fylkeskommune og være i tett kontakt med styringsgruppa og politikere og vere deltakar i sekretariatet til Bypakken.
I tillegg vil du delta i kommunen sitt øvrige arbeid knytt oppimot mobilitet og byutvikling på strategisk nivå.

Kommunen har eit særskilt ansvar for areal- og samfunnsplanlegginga.
Eit hovudmål er at Ålesundsregionen skal vere leiande på smart og berekraftig by- og stadutvikling.
Prosjekta vi planlegg og gjennomfører skal involvere brukarar og ta omsyn til klima og miljø, men også sosiale verdiar for å skape livskvalitet for innbyggjarane i ulike fasar av livet.
Som leiar er det forventa at du kommuniserer på ein forståeleg og tydeleg måte og ser samanhengen mellom ulike prosjekt og prosessar som skjer parallelt. Relasjonsbygging, kommunikasjon og samarbeid internt og eksternt er en sentral del av rolla og en nøkkel for å lykkes.
Det forventes at du liker å lede andre og sjå dei store grepa for byutvikling i det større perspektivet, og har gode gjennomføringsegenskaper.


Arbeidsoppgåver

  • Ansvar for å utvikle, planlegge og gjennomføre kommunale prosjekt i Bypakke Ålesund. 
  • Dialog og samhandling med aktuelle faggrupper knytt til prosjektet, både internt og eksternt. 
  • Prosjektmedverknad i andre prosjekt knytt til Bypakke Ålesund. 
  • Lede den interne prosjektgruppa for Bypakken

Kvalifikasjonar

  • Utdanning på bachelor- eller masternivå, gjerne innen areal- og transportplanlegging eller andre relevante fag
  • Erfaring frå prosjektleiing innan utbyggingsprosjekt vil verte vektlagt.
  • Erfaring frå by- og samferdselsutvikling er ønskeleg. 
  • Erfaring frå økonomistyring og andre økonomirelaterte oppgåver i prosjekt er ønskeleg. 
  • Kunskap og erfaring fra ledelse, kommunikasjon og relasjonsbygging vil bli vektlagt.
  • Gode ferdigheiter i norsk skriftlig og munnleg. 

Personlege eigenskapar

  • Fagleg engasjert, nysgjerrig, motivert og med ei positiv innstilling. 
  • Strukturert, løysingsorientert og sjølvstendig. 
  • Gode leiareigenskapar
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner. 
  • Gode gjennomføringsevner. 
  • Personlege eigenskapar vil bli vektlagt. 

Vi tilbyr

  • Fagleg spennande og varierte oppgåver. 
  • Godt tverrfagleg arbeidsmiljø. 
  • God tilrettelegging for fagleg utvikling. 
  • 100 % stilling
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar. 
  • Fleksitid og gode arbeidsvilkår. 
 

Kontaktinformasjon

Malin Anna Ramnemo, Avdelingsleiar, +47 417 80 239, malin.anna.ramnemo@alesund.kommune.no

Arbeidsstad

Keiser Wilhelms gate 11
6003 ÅLESUND

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Kommunalområde Samfunn

Referansenr.: 4800708891
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 12.05.2024

Prosjekt, Miljø og samferdsel, Kommunalområde Samfunn


Keiser Wilhelms gate 11
6003 Ålesund
Norge
webbsida: alesund.kommune.no
publicerad: 2024-04-18
Leder Bypakken Ålesund Kommune
Heltid
epost
sista ansökningsdag: 2024-05-12
erfarenhet:




Källa: ArbetsAnnonser.se