Bygg og anlegg
Helse og sosial
Håndverkere
IT
Industri og produksjon
Kontor og økonomi
Kultur og kreative yrker
Natur og miljø
Reiseliv og mat
Salg og service
Sikkerhet og beredskap
Transport og lager
Uoppgitt/ ikke identifiserbare
Utdanning
 
 
< tillbaka
 

Organist 70% kan aukast til 100% med tilleggsoppgåver

Strand kyrkjelege fellesråd

Det er ledig stilling som

ORGANIST

70 % stilling i Strand kyrkjeleg Fellesråd med hovudteneste i Jørpeland sokn.

Stillinga kan aukast til 100% og kan då omfatte tilleggsoppgåver innafor trusopplæring, skriv gjerne noko om kva du kan bidra spesielt med innan trusopplæring.

Søknadsfrist: 26.05.2024.

Strand ligg i Ryfylke, aust for Stavanger.
Jørpeland er kommunesentrum med ca 7.000 innbyggarar og har bystatus.
Det er over 13.500 innbyggarar i heile kommunen.

Kommunen har eit aktivt kultur-, kyrkje- og foreiningsliv.
Me har vakker natur med fjell og fjord.
Det tar ca.
25.min å køyre til Stavanger.

Det er 2 sokn og 3 kyrkjer i Strand kommune - Jørpeland kyrkje (1969) med elektronisk Allen-orgel (2000) - og flygel.
Strand kyrkje (1874) med pipeorgel frå 1989 med 15 stemmer - og piano og Tau kyrkje (2021) med flygel.

Det er 14 tilsette, medrekna 2 organistar til saman i begge sokn.

Stillinga medfører hovudansvar for Jørpeland sokn, og kontorplass i Jørpeland kyrkje -- men verkeområde i heile fellesrådsområdet.

Me søkjer ein kreativ og allsidig musikar som kan spele både orgel og piano, har interesse for kyrkjelydsarbeid og god evne til samarbeid.

Stillinga omfattar m.a.:

  • Fagleg og musikalsk ansvar ved gudstenester, gravferd og vigsler.

  • Samarbeid i team med dei andre tilsette og frivillige medarbeidarar med planlegging og

gjennomføring av gudstenester og andre kyrkjelydsarrangement.

  • Korarbeid, forsangergrupper/band og anna musikkrelatert arbeid opp mot ulike aldersgrupper.

  • Medverknad til å utvikle eit variert song- og musikkliv i kyrkjelyden.

Me søkjer ein person som:

  • Har min.
    3-årig musikkutdanning frå høgskule/universitet.
    Anna relevant utdanning kan bli vurdert.

  • Er personleg eigna til stillinga

  • Meistrar skriftleg og munnleg norsk

  • Er medlem i Den norske kyrkja

Tiltreding: 01.08.24

Lønn etter gjeldande tariffavtale.
Pensjonsordning i KLP.

Politiattest må leggjast fram ved tilsetting.

Opplysningar om samlivsform vil kunne bli innhenta og vektlagt ved tilsetting.

Søknadsfrist: 26.mai

For meir opplysningar ta kontakt med kyrkjeverje Øystein Marton Lode.
Sentralbord tlf: 51 74 11 30/41 25 83 84

Søknad på e-post til kyrkja@strand.kommune.no

Strand Kyrkjelege Fellesråd


Strand
Norge
webbsida: xn--jrpeland-menighet-00b.no
publicerad: 2024-04-17
Organist
Deltid
start: 2024-08-01
Fast
epost
sista ansökningsdag: 2024-05-26
erfarenhet:




Källa: ArbetsAnnonser.se