Bygg og anlegg
Helse og sosial
Håndverkere
IT
Industri og produksjon
Kontor og økonomi
Kultur og kreative yrker
Natur og miljø
Reiseliv og mat
Salg og service
Sikkerhet og beredskap
Transport og lager
Uoppgitt/ ikke identifiserbare
Utdanning
 
 
< tillbaka
 

Sjukepleiar 100% fast stilling

Korttidseininga ved Hareid sjukeheim har ledig to faste 100-prosent stillingar som sjukepleiar på dag/kveld og med kvar tredje helg.
Ved til dømesinterne søkjarar kan andre stillingar i sektoren verte ledige.

Korttidseininga er ei av tre einingar ved Hareid sjukeheim, der vi gir tilbod om langtidsopphald, korttidsopphald, avlastningsopphald,rehabiliteringsopphald og kommunal akutt døgnplass (KAD).
Korttidsavdelingarhar 16 plassar, der ein av dei er KAD.
Vi jobbar for å gi gode tenester til deiinnbyggarane som treng det, og vi jobbar for gode arbeidsvilkår for tilsette.Vi samarbeider tett med andre delar av vår sektor for å sikre godepasientforløp.
Tilsette har fagdag i turnusen sin, og får påverke eigaarbeidstid og fritid gjennom forhandling.


Arbeidsoppgåver

  • medisinsk og sjukepleiefagleg oppfølging med ansvar og vurderingar
  • pleie- og omsorgsoppgåver 
  • tett samarbeid med sjukeheimslege, fysioterapeut, heimetenesta og dei andre sjukeheimseiningane
  • sikre at tenester blir gitt på ein fagleg forsvarleg måte, og i tråd med målsetting og vedtak
  • rettleie, undervise og informere pasientar, pårørande, kollegaer og studentar
  • medansvar for internkontroll, kvalitetssikring og HMS
  • bruk av velferdsteknologi
  • delta i kvalitetsutvikling av tenesta

Kvalifikasjonar

  • Autorisasjon som sjukepleiar.
    Erfaring frå arbeid på korttidsavdeling vert vektlagt
  • God digital kompetanse
  • Godt, norsk språk, både skriftleg og munnleg (nivå B2)

 

Du må legge fram godkjend politiattest av ny dato før du startar å arbeide, samt gjennomgå smittevernkontroll.

Personlege eigenskapar

I sektor for velferd ønskjer vi oss medarbeidarar som er pliktoppfyllande, engasjerte, profesjonelle og løysningsorienterte, viser respekt og er rause.
Du har evne til å arbeide sjølvstendig, og har gode samarbeidsevner og utøver dette til beste for pasient, pårørande og tilsette.
Du klarer å prioritere, ta avgjersler og har gjennomføringsevne.

Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar ved tilsetjing.
Verdiar som stabilitet, god arbeidsmoral og det å vere ein god kollega og samarbeidspart er viktig for oss.

Vi tilbyr

  • ein triveleg arbeidsplass med godt tverrfagleg arbeidsfellesskap
  • spennande og faglege utfordringar
  • fagdag i arbeidsplan
  • kurs gjennom NHI og Visma-rettleiaren
  • forsikrings- og pensjonsordning gjennom KLP

Kontaktinformasjon

Synnøve Nystøyl, Einingsleiar, +47 91 14 89 45

Arbeidsstad

Teigevegen 55
6060 Hareid

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Hareid kommune

Referansenr.: 4805077466
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.06.2024
Søknadsfrist: 09.05.2024

Hareid kommune, Korttidseining


Teigevegen 55
6060 Hareid
Norge
webbsida: hareid.kommune.no
antal lediga platser: 2
publicerad: 2024-04-25
Sjukepleiar 100% fast stilling
Heltid
start: 2024-06-01
Fast
sista ansökningsdag: 2024-05-09
erfarenhet:




Källa: ArbetsAnnonser.se