Bygg og anlegg
Helse og sosial
Håndverkere
IT
Industri og produksjon
Kontor og økonomi
Kultur og kreative yrker
Natur og miljø
Reiseliv og mat
Salg og service
Sikkerhet og beredskap
Transport og lager
Uoppgitt/ ikke identifiserbare
Utdanning
 
 
< tillbaka
 

Pedagogisk leiar

Ønsker du eit godt arbeidsmiljø og gi barn/foreldre det beste? Me treng deg som pedagogisk leiar!

Lyefjell barnehage har ledig 100% fast stilling som pedagogisk leiar med oppstart 01.08.2024, eller etter avtale. Me søker deg som er opptatt av å skapa eit trygt og inkluderande miljø for barn, foreldre og tilsette.
Lyefjell barnehage er ein 2-avdelings kommunal barnehage i sentrum av Lye.

Lyefjell barnehage er ein god arbeidsplass med mykje glede og kompetanse.
Me er ein Marte Meo-praktikerbarnehage, barnehagen har ein utdanna MarteMeo kollegaveiledar som bidrar med kompetansen.
Me har CLASS-sertifisert personal som fremmer utviklingsstøttane praksis, og me er med i forskningsprosjekt SELMA via læringsmiljøsenteret i Stavanger.
Lyefjell barnehage har eit godt fagleg miljø med fokus på å vera ein lærande organisasjon.
Pedagogisk leiar er ein del av barnehagen sitt leiarteam, og ansvarleg for barnehagen sin heilskap og utvikling. 

Det er to pedagogar pr.
avdeling som har det faglege pedagogiske ansvaret for avdelinga han/ho er knytta til.
Pedagogisk leiar skal bidra til at barnehagen samla driv eit godt tilrettelagt pedagogisk arbeid, i tråd med barnehagelova og rammeplan for barnehagar.
 

Me har ei stabil og kvalifisert personalgruppe, der over halvparten har universitetsutdanning.
Studentar fra UIS og lærlingar får opplæring hos oss.  
Personalet ser på barna som ressurspersonar som bidrar positivt inn i fellesskapet.
Me er inkluderande og rause med kvarandre.
Foreldra er viktige, dei viktigaste for sine barn og fellesskapet.
Forelda gir gode tilbakemeldingar på omsorg, leik og læring som skjer i barnehagen.
Personalet er autoritative, rause og omsorgsfulle.

Barnehagen ligg nær Lye skule, dette gjer at me har et tett og godt samarbeid med skulen ifht.
overgang frå barnehage til skule.
Barnehagen ligg og nær flotte turområde og idrettshallen som vi nytter oss av.


Arbeidsoppgåver

Hovudansvar for å leia og organisera det pedagogiske arbeidet i fht enkeltbarn og barnegruppa i tråd med barnehagelova sitt formål og rammeplan 
Positivt samarbeid med andre, dela kunnskap, erfaringar og informasjon
Veileda personalet og ha hovedansvar for godt personalarbeid på avdelinga
Vera ein autoritativ leiar som kommuniserer på ein klar, presis og strukturert måte 
Ansvar for målsetting og resultat, og bidra til utvikling av det faglige miljøet i barnehagen  
Sensitiv overfor enkeltbarn og barnegruppa. Du tar barns perspektiv og er god på reguleringsstøtte. Du legger tilrette for læring og utvikling

Du er ein god rollemodell for dei andre tilsette på di avdeling og i barnehagen

Ansvar for HMS-arbeid på di avdeling.

Kvalifikasjonar

Godkjent barnehagelærarutdanning.

Personlege eigenskapar blir vektlagt og personalsamansetting i organisasjonen.

Studentar som er i utdanningsløp som barnehagelærar kan også vera aktuelle.
Godkjent politiattest må foreliggjast før tiltredelse 
For stillingar i barnehage er det språkkrav etter barnehageloven §27 og §28.
Norskkunnskapar tilsvarande nivå A2 skriftleg og B1 munnleg.
 
Attestar og vitnemål
Me ber om at du lastar opp attestar og vitnemål, i PDF-format, saman med søknaden din.
Utenlandske vitnemål må vera NOKUT-godkjende (hkdir.no) og utenlandske attestar oversatte til eit skandinavisk språk eller engelsk. Vi gjør oppmerksom på at dokumentasjon på blant annet avtjent verneplikt og omsorg for barn, eldre eller syke også kan gi uttelling på lønnsansiennitet. 

Personlege eigenskapar

  • Du har interesse for og ønske om å arbeida for barns beste.
    Du er trygg, ansvarsfull og god på leik og samspel.
    Du veit at leiken er barna sin viktigaste læringsarena og du varierer mellom fri leik og aktivitetar som du legg til rette for med glede og engasjement.
  • Du skapar gode relasjonar og inkluderer alle med varme og respekt.
  • Gode samarbeidsevner, både internt og eksternt, og kunne bidra positivt i jobbfellesskapet
  • Evne til å kunne arbeide sjølvstendig og ta initiativ til oppgåver som må gjennomførast
  • Villig til å ta fatt på nye arbeidsoppgåver etter kvart som organisasjonen endrar seg
  • Du må like utfordringar, vere engasjert, løysingsorientert og kunne trekke slutningar
  • Evne til å ta ansvar for eigen utvikling og ta til deg ny kunnskap
  • Du må ha gode kommunikasjonsevner og framstå klar og tydeleg
  • Det krevst gode norskkunnskapar, og både skriftleg og munnleg framstillingsevne vil bli vektlagt i tilsetjingsprosessen

Me tilbyr

  • Dyktige og engasjerte medarbeidarar som speler kvarandre gode
  • Medlem av dei beste pensjonsordningar i landet! 
  • Lønn etter tariff
  • Ein spennande, variert og fagleg utfordrande arbeidsplass i eit godt arbeidsmiljø
  • Nært samarbeid med eit breitt fagmiljø i ein organisasjon i utvikling
  • Tilbod om å vera praksislærar for UIS
  • Dersom du kjenner at dette høyres ut som noko for deg, så ikkje nøl med å søka! Me gler oss til å høyra frå deg!

Kontaktinformasjon

Lyefjell barnehage, Styrar, 95212332, berit.time.bo@time.kommune.no

Arbeidsstad

Sentervollen 29
4347 LYE

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Time kommune

Referansenr.: 4805065576
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 12.05.2024

Time kommune, Lyefjell barnehage


Sentervollen 29
4347 Time
Norge
webbsida: time.kommune.no
publicerad: 2024-04-25
Pedagogisk leiar
Heltid
Fast
epost
sista ansökningsdag: 2024-05-12
erfarenhet:




Källa: ArbetsAnnonser.se