Stord vidaregåande skule er ein kombinert skule med studieførebuande og yrkesfagleg utdanning.
Skulen ligg sentralt i regionssenteret Leirvik.
Totalt har skulen om lag 850 elevar, fordelt på utdanningsprogramma Idrett, Medium og kommunikasjon, Musikk, dans og drama, Studiespesialisering, Bygg- og anleggsteknikk, Elektro og datateknologi, Teknologi- og industrifag, Sal, service og reiseliv, samt Informasjonsteknologi og medieproduksjon.
Skulen tilbyr også opplæring for vaksne og me har kursverksemd i forskjellige fag.
Stord vidaregåande skule skal i løpet av nokre år ta i bruk nye og moderne skulebygningar.
Skulen har høge ambisjonar for elevane si læring og eit engasjert personale arbeider for å skapa eit trygt læringsmiljø.
Skulen legg vekt på samarbeid med lokalmiljø, arbeidsliv og grunnskular.
Me er knutepunktskule for spesialundervisning i Sunnhordland og tilbyr undervisning i tilrettelagte grupper.
Språk-, samfunnsfag-, økonomi- og mediaavdelinga ved skulen har fleire ulike seksjonar, og har omlag 30 tilsette.
Me har ledig 100% fast stilling i engelsk.
I tillegg har me ledig om lag 200% vikariat fordelt på engelsk, norsk YF og framandspråk (tysk/spansk).
Me er også interessert i å høyra frå deg som har utdanning i norsk som andrespråk.
Arbeidsoppgåver
- Planleggja, gjennomføra og evaluera undervisning
- Samarbeida med andre på skulen
Kvalifikasjonar
- Til alle undervisningsstillingar er det krav om relevant fagleg og pedagogisk kompetanse,jf.Forskrift til Opplæringslova §14-4
- Undervisningskompetanse innan det aktuelle fagområdet, minimum 60 stp.
- Minimum utdanning på bachelornivå
- Den som skal tilsetjast i vidaregåande skule må leggja fram godkjent politiattest
- Alle nytilsetjingar i Vestland fylkeskommune blir gjort med ei prøvetid på 6 månader
Personlege eigenskapar
- Har gode evner til å kommunisera, rettleia og motivera
- Kan arbeida både sjølvstendig og saman med andre
- Likar å omgåast ungdom
- Er systematisk og nøyaktig
Vi tilbyr
- Lønn og lønnsutvikling i tråd med Vestland fylkeskommune sin lønnspolitikk
- Gode pensjons- og låneordningar i Statens pensjonskasse
- Engasjert fag- og arbeidsmiljø
- Spennande arbeid i samspel med elevar, føresatte og kollegaer.
Me gjer merksam på at i fylge off.lova § 25 2.ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om å ikkje bli ført opp på offentleg søkjarliste.
Søkjar vil alltid verta kontakta før offentleggjering av søkarliste.
Kontaktinformasjon
Arild Ingvaldsen, avdelingsleiar, 97540187
Arbeidsstad
Saghaugen 3
5411 Stord
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Referansenr.: 4800931048
Stillingsprosent: 100%
Fast, Vikar
Startdato: 01.08.2024
Sluttdato: 31.07.2025
Søknadsfrist: 01.05.2024