Bygg og anlegg
Helse og sosial
Håndverkere
IT
Industri og produksjon
Kontor og økonomi
Kultur og kreative yrker
Natur og miljø
Reiseliv og mat
Salg og service
Sikkerhet og beredskap
Transport og lager
Uoppgitt/ ikke identifiserbare
Utdanning
 
 
< tillbaka
 

Sjukepleiar fast stilling

Haram kommune søker etter sjukepleiar i 100% fast stilling, for tida ved Haram Omsorgssenter.
Stillingane er for tida i turnus med 12,5 timersvakter på dag/kveld, og arbeid 4.
kvar helg.
Haram Omsorgssenter har arbeider etter arbeidsmetoden sjukepleiar i stab, og har base i eit fint og moderne lokale på Haramssenteret i Brattvåg.

Haram Omsorgssenter er ein institusjon som driftar langtids-, korttids-, rehabiliterings- og demensplassar.
Den aktuelle stillinga er tilknytta korttids- og rehabiliteringsavdelinga.
Haram Omsorgssenter er organisert under Haram omsorgstenester, som består av Eidet- og Haram omsorgssenter, Ytre-, Indre- og Nordøyane heimetenstedistrikt og tre dagsenter for eldre.
Vi er opptekne av å skape eit godt arbeidsmiljø, der vi legger til rette for at våre tilsette har gode arbeidsvilkår og at brukarane mottek gode tenestar.
I 2021 vann Haram Omsorgssenter arbeidsmiljøprisen i Ålesund kommune i lag med Ytre Haram heimeteneste.

Kommunalområde helse og omsorg består av Haram omsorgstenester og Haram butenester.
Vi har ansvar for brukarar i alle aldrar, med mange ulike behov.
For oss er det viktig å gi gode målretta tenester, slik at den einskilde mottek den hjelpa ein treng til rett tid og på rett nivå i tenestetilbodet vårt. Vår viktigaste ressurs er våre tilsette og vi ynskjer å være ein arbeidsplass der ein opplev trivsel, utvikling og  meistrar oppgåvene ein er sett til å gjere.
Vi veit at framtida vil krevje nye arbeidsformer i kommunalområdet, noko vi arbeider aktivt med å sette oss i stand til å møte på ein god måte.

Haram kommune er opptekne av gode heilskaplege tenester, og har fokus på arbeid på tvers av tenesteområda for å skape gode tenester for innbyggjarane våre.
I Haram jobbar vi for å spele kvarandre gode.


Arbeidsoppgåver

  • Sjukepleiefaglege oppgåver.
  • Omsorg og oppfølging av sjukeheimspasientar på langtidsavdeling og korttidsavdeling.
  • Tverrfagleg samarbeid med andre yrkesgrupper.
  • Ivareta dokumentasjonsplikta og ha fokus på fagutvikling.
  • Rettleiing og opplæring av medarbeidarar og studentar/elevar.
  • Bidra til godt samarbeid mellom brukarar og pårørande.

Kvalifikasjonar

  • Bachelor i sjukepleie.
    Personar som blir ferdig utdanna i 2024 kan også søke. 
  • Høg fagleg interesse og interesse for fagutvikling.
  • Personleg egnethet vil bli vektlagt.
  • Gode norskferdigheter munnleg og skriftleg.
  • Krav om politiattest som ikkje er eldre enn 3 mnd.

Personlege eigenskapar

  • I Haram kommune ynskjer vi tilsette som er samfunnsengasjerte og innovative, og som bidreg til eit godt arbeidsmiljø både fagleg og kollegialt.
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
  • Godt humør og positiv framtoning.
  • Lojalitet mot arbeidsplass og kollegaer
  • Eigenskapar til å bidra til eit godt omdømme.

Vi tilbyr

  • Tverrfagleg samarbeid.
  • Spanande fagmiljø med mange varierte arbeidsoppgåver.
  • Fokus på velferdsteknologi og alternative måtar å jobbe på.
  • Løn etter tariff.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar.

Kontaktinformasjon

Sandra Østborg Lorgen, Avdelingsleiar, sandra.ostborg.lorgen@haram.kommune.no
Ingrid Beate Mathisen, Tenesteleiar, +4790751954, ingrid.beate.mathisen@haram.kommune.no

Arbeidsstad

Storgata 20
6270 Brattvåg

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Haram kommune

Referansenr.: 4800302604
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 05.05.2024

Haram Omsorgssenter


Storgata 20
6270 Haram
Norge
epost
webbsida: haram.kommune.no
publicerad: 2024-04-18
Sjukepleiar fast stilling
Heltid
Fast
epost
sista ansökningsdag: 2024-05-05
erfarenhet:




Källa: ArbetsAnnonser.se