Bygg og anlegg
Helse og sosial
Håndverkere
IT
Industri og produksjon
Kontor og økonomi
Kultur og kreative yrker
Natur og miljø
Reiseliv og mat
Salg og service
Sikkerhet og beredskap
Transport og lager
Uoppgitt/ ikke identifiserbare
Utdanning
 
 
< tillbaka
 

Undervisningsstilling norsk og religion

Voss gymnas er ein kombinert vidaregåande skule, og har om lag 600 elevar og 90 tilsette.
Skulen opna 1.august 2017 i nytt skulebygg med eit stort idrettsanlegg.
Skulen tilbyr utdanningsprogramma;Informasjonsteknologi og medieproduksjon, Frisør, blomar, interiør og eksponeringsdesign, Sal, service og reiseliv, Helse- og oppvekstfag, Studiespesialisering, Idrett, Toppidrett-ski, Kunst, design og arkitektur og Musikk, dans og drama.
Skulen har i tillegg to klassar med Påbygging til generell studiekompetanse og ansvar for Vestland fylkeskommune si klasse i Frankrike.

Arbeidsoppgåver

Voss gymnas har ledig fylgjande undervisningsstillingar:

  • Norsk 100%

Undervisninga i norsk er i klassar på innføringstilbod, vaksenopplæringstilbod samt særskild språkopplæring.
Det er ynskjeleg med kompetanse innan norsk som andrespråk.

  • Religion 15%

 

Kvalifikasjonar

  • Høgskuleutdanning/universitetsutdanning.
  • Til alle undervisningsstillingar er det krav om relevant fagleg og pedagogisk kompetanse, jmfr Opplæringslova.
  • Den som skal tilsetjast i vidaregåande skole må leggje fram politiattest.
  • Det er ynskjeleg med erfaring frå undervisning i innføringstilbod og grunnopplæring i norsk

Personlege eigenskapar

Du som vert tilsett må vere målretta og systematisk, set eleven si læring og utvikling fremst.
Du er ein tydeleg og støttande leiar i klasserommet, og har evne til å samarbeide, finne fleksible løysingar og du kan motivere elevane til å gjere ein ekstra innsats.
Du har vilje til å initiere og ta del i skulen sitt utviklingsarbeid.

 

Vi tilbyr

  • Løn etter kompetanse og ansiennitet.
  • Nytt og moderne skulebygg.
  • Gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår
  • Godt arbeidsmiljø

Andre opplysningar

  • Det er eit vilkår om godkjend politiattest for å bli tilsett i vidaregåande skule.
  • Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk.
  • Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
  • Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2.
    ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste.
    Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

Kontaktinformasjon

Nelly Nora Naasen, avdelingsleiar, 90126969

Arbeidsstad

Gymnasvegen 5
5700 Voss

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune

Referansenr.: 4799373238
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 12.08.2024
Sluttdato: 31.07.2025
Søknadsfrist: 05.05.2024

VOG - VOSS GYMNAS, Vestland fylkeskommune


Gymnasvegen 5
5700 Voss
Norge
publicerad: 2024-04-18
Undervisningsstilling norsk og religion
Heltid
start: 2024-08-12
Vikariat
sista ansökningsdag: 2024-05-05
erfarenhet:




Källa: ArbetsAnnonser.se