Bygg og anlegg
Helse og sosial
Håndverkere
IT
Industri og produksjon
Kontor og økonomi
Kultur og kreative yrker
Natur og miljø
Reiseliv og mat
Salg og service
Sikkerhet og beredskap
Transport og lager
Uoppgitt/ ikke identifiserbare
Utdanning
 
 
< tillbaka
 

Rettleiar/Veileder

Velkommen til Skattkammeret Suldal - Rogalands største kommune i areal, og eit levande samfunn rik på naturressursar og kreativ kraft.
Me omfamnar LEAN-prinsippa for å skapa makalause tenester, og søkjer alltid etter dedikerte medarbeidarar som ønskjer å bli med på reisa vår.
Om du søkjer ein meiningsfull karriere, samtidig som du ønskjer eit balansert og aktivt kvardagsliv, er Suldal plassen for deg.
Det rike kulturlivet i Suldal gir liv til samfunnet, både i grendene og på vårt aktive kulturhus på Sand.
Her ligg også sentralidrettsanlegget med idrettshall, sandhall og Suldal bad.
Hos oss finn du dei høgaste toppane i Rogaland, langstrakte vidder, idylliske grender tett på fjorden og 70 km med merka skiløyper i vintersesongen.
Velkommen til Suldal kommune; eksotisk, aktiv og trygg!

Ved aktuellajobb.se Suldal er me 7 engasjerte tilsette, og me har ledig ei fast stilling som rettleiar ved vårt kontor.
Brenn du for at alle skal få moglegheit til å bidra i arbeidslivet?  Trives du med å finna gode løysingar i samhandling med menneske som er i ein krevjande situasjon? Då kan du væra den kollegaen me treng. 

I Suldal kommune nyttar me nynorsk som målform.


Arbeidsoppgåver

  • Halde dialogmøte med den sjukmelde, lege og arbeidsgjevar.
  • Kartleggje den enkelte sine ressursar og moglegheit med mål om arbeid, ungdom er ei prioritertgruppa. 
  • Informere om, og engasjere til deltaking i arbeid og aktivitet.
  • Vurdere ulike tiltak som kan føre til arbeid.
  • Utarbeide arbeidsevnevurderingar og aktivitetsplanar.
  • Oppsøke og samarbeide med arbeidsgjevar og andre aktørar. 
  • Sakshandsama etter kommunalt og statleg lovverk.
  • Aktivt delta i kontorets Lean arbeid.
  • Rettleie i jobb- og informasjonssenter.
  • Administrative oppgåver ved behov.

Ettersom aktuellajobb.se er i stadig utvikling og endring, kan andre arbeidsoppgåver bli aktuelle.

Kvalifikasjonar

Du må ha: 

  • Fullført utdanning tilsvarande bachelor.
    Relevant arbeidserfaring og/eller fagbrev kan kompenserafor utdanningskrav. Utdanning innen helse/ sosial/, velferdsfag, samfunnsfag og pedagogikk vil bliforetrekt.
  • God digital kompetanse, inkludert Office 365.
  • Gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar (nivå tilsvarende B2).
  • Erfaring med direkte rettleiing av mennesker i vanskelege livssituasjonar.

Me ønskjer og at du har:

  • Erfaring med sakshandsaming og lovbruk.

  • Erfaring frå liknande oppgåver i aktuellajobb.se kontor.
  • Erfaring frå, eller interesse for oppsøkande verksemd mot næringslivet.
  • Førarkort kl B.

Personlige egenskaper

For denne stillinga er desse personlege eigenskapa særleg viktige:

  • Evne til å motivera og skapa gode relasjonar, internt og eksternt
  • Evne til å sjå moglegheiter og ha gode samarbeidsevner.
  • Du er trygg og robust, og taklar ein samansett og krevjande arbeidskvardag.
  • Evne til å jobba målretta, nøyaktig og effektivt
  • Evne til å visa fagleg engasjement og dela kunnskap.

Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar.
Det vil bli gjennomført DNV-GL-sertifisert MAP personlighetstest i rekrutteringsprosessen. 

Me tilbyr

  • Spanande og meiningsfulle arbeidsoppgåver.
  • Store utviklingsmoglegheiter.
  • Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø.
  • Fleksibel arbeidstid.
  • Løn som Rådgjevar i kode 1434 med årsløn i lønnstrinn 56-62, som for tida svara til kr.
    548 600 - 604 900 i året.
  • God pensjonsordning gjennom Statens Pensjonskasse.

Les meir om aktuellajobb.se som arbeidsgjevar på aktuellajobb.se

 

Kontaktinformasjon

Anne Birkeland, Leiar aktuellajobb.se Sauda/ Suldal, 922 51 603, anne.birkeland@aktuellajobb.se

Arbeidssted


 

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: aktuellajobb.se

Referansenr.: 4793494575
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 30.04.2024

NAV Suldal


4230 Suldal
Norge
publicerad: 2024-04-15
Rettleiar/Veileder
Heltid
Fast
epost
sista ansökningsdag: 2024-04-30
erfarenhet:




Källa: ArbetsAnnonser.se