Bygg og anlegg
Helse og sosial
Håndverkere
IT
Industri og produksjon
Kontor og økonomi
Kultur og kreative yrker
Natur og miljø
Reiseliv og mat
Salg og service
Sikkerhet og beredskap
Transport og lager
Uoppgitt/ ikke identifiserbare
Utdanning
 
 
< tillbaka
 

Fastlege i Samnanger kommune

Ledig fastlegestilling i Samnanger kommune, 80-100 % stilling.
Vil du verta den nye fastlegen vår?

Samnanger kommune søkjer etter ny fastlege ved Samnanger Helsetun.
Det er eit lite fastlegekontor med for tida fire fastlegeheimlar.
Legetenesta er samlokalisert med fysioterapeut, ergoterapeut, kommunepsykolog, helsestasjon og jordmor. 

Samnanger kommune har omlag 2 500 innbyggjarar og ligg i naturskjønnt område 40 minuttars køfri køyring frå Bergen.
Rett over vegen for helsetunet ligg Samnangerheimen med heimesjukepleie og sjukeheim.
Det er godt og tett samarbeid med dei andre helsetenestene i kommunen.

Me har ledig ein heimel som har listelengde på 720 pasientar, listelengda kan aukast.
Heimelen blir utlyst som næringsdrift med 8.2 avtale og blir overført vederlagsfritt.
Kommunen opnar for at heimelen kan gjerast om til fastlønnsavtale. Heimelen er i dag drifta av vikar.

Legekontoret har over mange år hatt stabil bemanning av fastlegar og sjukepleiar/helsesekretær på forkontor.

Legekontoret nyttar journalsystemet EG Infodoc SKY.
Laboratoriumet er utstyrt med mellom anna EKG, spirometri, 24 timars BT-apparat og Doppler.

Samnanger kommune er i interkommunalt vaktsamarbeid med Bjørnafjorden kommune på kveld/ natt og helg.
Legevaktsstasjonen er plassert i moderne lokaler på Moberg.
Legane frå Samnanger deltek i vaktordning med 1/15 vakt.
Vaktbelastninga er låg, men det er høve til fleire vakter om ønskeleg.

Legevakt på dagtid, kvardagar 08.00-16.00, blir delt mellom dei 4 legane ved Samnanger legekontor.
Samnanger kommune har ein 24-7-bemanna First Responder-bil som i enkelte høve gjev bistand til legen ved utrykning på dagtid.


Arbeidsoppgåver

  • Allmennlegeoppgåver i hht fastlegeforskrifta
  • Dagvakt på legekontoret, kvardagar i ordinær arbeidstid 08.00-16.00
  • Interkommunal legevakt utanom kontoret si ordinære åpningstid, lokalisert på Moberg
  • Høve til å overta ansvaret som medisinskfagleg ansvarleg

Kvalifikasjonar

Krav

  • Lege med norsk autorisasjon 
  • Godkjent LIS1
  • Rett til trygderefusjon i Noreg  
  • Akuttmedisinsk kompetanse for legevakt med/uten bakvakt
  • Gode norsk kunnskapar, både munnleg og skriftleg 
  • Førarkort klasse B
  • Godkjend politiattest, jfr helsepersonellova
  • Gode datakunnskapar 
  • Personlege eigenskapar vert vektlagt 

Det vert krevd politiattest ved tilsetting.

Ønskjer

  • Spesialistgodkjenning i allmennmedisin er ønskeleg.

Personlege eigenskapar

  • Gode evner til samarbeid med kollegaer, pasientar, pårørande og andre samarbeidspartarar
  • Evne til å omstille seg etter skiftande arbeidsbelastning
  • Løysingsorientert
  • Fokus på triveleg og inkluderande arbeidsmiljø

Me tilbyr

  •  Val mellom næringsdrift i 8.2-avtale eller kommunal tilsetting (fastlønn), i inntil 100% stilling
  • Ved 8.2-avtale står kommunen for den totale drifta av legekontoret.
    Legane har ingen utgifter til drifta av kontoret.
    Dei beheld næringsinntekta uavkorta medan kommunen beheld basistilskotet.
    Legane med næringsavtale har god kompensasjon for legevakt på dagtid.
  • Dekning av kursavgift til inntil 2 emnekurs pr år
  • Kommunen er registrert utdanningsverksemd og kan inngå ALIS-avtale med søkjar om ønskeleg
  • Dyktige kollegaer og godt arbeidsmiljø på legekontoret
  • Godt samarbeid med helse og omsorg og kommunen forøvrig
  • Eit fagleg miljø med utfordrande oppgåver, gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling.
  • Høve til å vera med å forme ein kommune i positiv utvikling og vekst.
  • Kommunalt tilsette blir meldt inn i KLP.
    Med offentleg tenestepensjon får du ei av Noregs beste pensjonsordninger.
    Ordninga dekker alderspensjonar, AFP, uførepensjon, etterlattepensjon, yrkesskade- og gruppelivsforsikring.

Arbeidstilhøve

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles.
Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn.
All utanlandsk utdanning må vera NOKUT godkjent.
Me legg vekt på å leggja til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det. 

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk.
Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2.
ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste.
Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort, og vil ha moglegheit til å trekkja søknaden. 

Som tilsett i Samnanger kommune vil du bli innmeldt i KLP si pensjonsordning.
KLP tilbyr pensjon, bank og forsikringstenester og er Norges største pensjonsselskap. Ordninga dekker alderspensjonar, AFP, uførepensjon, etterlattepensjon, yrkesskade- og gruppelivsforsikring.

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt JobbNorge.


Om oss

Helseeininga består av følgande underavdelingar: kommunal fysioterapeut og ergoterapeut, kommunepsykolog, jordmor, helsesjukepleiarteneste inkl.
helsestasjon for ungdom, kommuneoverlege og legekontor.
Legekontoret har 4 fastlegar, 1 sjukepleiar og 2 helsesekretærar.
Fastlegane har bistilling som sjukeheimslege og helsestasjonslege.
På helsetunet har me også eit privat fysikalsk institutt. Alle avdelingar er lokaliserte på helsetunet.
Helseavdelinga driv eit utstrekt arbeid innafor kurativt og førebyggande arbeid både når det gjeld somatisk og psykisk helsearbeid. 


Samnanger kommune


Tyssevegen 108
5650 Samnanger
Norge
webbsida: samnanger.kommune.no
publicerad: 2024-04-18
Fastlege i Samnanger kommune
Heltid
Fast
referens: https://www.jobbnorge.no/ledige-stillinger/stilling/261239
sista ansökningsdag: 2024-05-16
erfarenhet:




Källa: ArbetsAnnonser.se