Til Miljøterapitenesta søkjer vi nå deg som er autorisert helsefagarbeidar, hjelpepleiar eller omsorgsarbeidar.
Ledige stillingar:
· 70,5 % fast stilling.
· 62% vikariat til 01.01.2026
Ønskje om snarleg oppstart.
Stillingane går i turnus med arbeid på dagtid og kveld, i vekedagar og på helg.
Arbeid kvar fjerde helg (langvakter 12,5 t.) eller tredje kvar helg (7,5t.
vakter).
Kvalifikasjonar
· Autorisasjon som helsefagarbeidar, hjelpepleiar eller omsorgsarbeidar
· Personar utan relevant utdanning oppfordrast til å søkje, ved eventuell tilsetjing blir det satt krav om å starte opp relevant utdanning innan 3 år
· Ønskjeleg med erfaring frå arbeid innan miljøterapi/bufellesskap, gjerna retta mot psykisk utviklingshemming
· Må beherske norsk skriftleg og munnleg (tilsvarande minimum nivå B1)
· Førarkort for bil, klasse B
· Gjennomgått kurs i medisinhandtering er ein fordel
· God fagleg innsikt og tryggheit
· Det vert kravd politiattest ved tilsetjing
Eigenskapar
· Evne til å arbeide brukar-/pasientretta med høg kvalitet og integritet
· Evne til samarbeid og skapa eit godt arbeidsmiljø
· Strukturert og sjølvstendig
· Kreativ, nytenkande og fleksibel
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Vi tilbyr
· Eit utfordrande og spennande arbeidsfelt i stadig utvikling
· Arbeid i tverrfagleg team
· Kompetanseheving
· Eit godt fagmiljø og gode kollegaer
Stillingsstorleik kan endre seg ved interne omrokkeringar.
Vedrørande eventuelle krav om auking av fast stillingsprosent: Stillingane vil ikkje bli delt dersom det er til vesentleg ulempe for arbeidsgjevar.
Ved krav om auka fast stillingsstorleik må ein dermed fortrinnsvis ta stillinga slik den er da vi har behov for å få inn nok bemanning på helg.
Søknadsfrist: 12.05.2024
Ved spørsmål, ta kontakt med avdelingsleiar Tone Ødegård, tlf.
41500443
Søknad skal sendast på elektronisk søknadsskjema .
Vedlegg til søknaden kan sendast som e-post til postmottak@vaga.kommune.no.
Vågå kommune er oppteke av mangfald og oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, etnisitet eller nasjonal bakgrunn.
Vi gjer merksam på at søkjarnamn kan bli offentleggjort sjølv om ein reserverer seg mot det, jf.
Off.lova §25.
Du vil i tilfelle bli varsla om dette på førehand.