Bygg og anlegg
Helse og sosial
Håndverkere
IT
Industri og produksjon
Kontor og økonomi
Kultur og kreative yrker
Natur og miljø
Reiseliv og mat
Salg og service
Sikkerhet og beredskap
Transport og lager
Uoppgitt/ ikke identifiserbare
Utdanning
 
 
< tillbaka
 

Sjukepleiar

Kirurgisk og ortopedisk sengepost er ein spennande arbeidsplass med eit solid fagmiljø, hyggelege og engasjerte kollegaer og med tydleg fokus på best mogleg  pasientbehandling.
Vi har i hovudsak kirurgiske-, ortopediske-, men også gynekologiske pasientar.
Vi samarbeider for at pasientane skal få ei god oppleving av opphaldet på sjukehuset.
Det er ein arbeidsplass med høgt tempo, mange varierte og spennande utfordringar for rett person.
Sengeposten har mange ulike diagnosetyper og er ein fin arbeidsplass som gir breidde i erfaringar for deg som sjukepleiar.
Vi har fleire prosjekt  med fokus på pasientsikkerheit, simulering og pasientflyt.

Vi har ledige vikariat 100% stilling i perioden 01.08.2024-30.04.2025.

Andre stillingsprosentar kan bli ledige som følgje av interne rokkeringar.

Du finn Volda midt i det beste Noreg kan by på av fjell og fjord.
Her kan du oppleve dei ville og vakre sunnmørsalpane med alt frå enkle ruter og oppmerka stiar i flate fjelldalar til utfordrande klatreturar og fantastiske toppturar.
Her er også eit særs blomstrande kultur- og idrettsliv og eit attraktivt studiemiljø ved Høgskulen i Volda.
Det er gode kommunikasjonar med flysamband til Oslo og Bergen frå Ørsta/Volda lufthamn.
Sjå meir om Volda her: https://www.youtube.com/watch?v=FHDuVf1TpYY og her: https://www.youtube.com/watch?v=NGSg6xygovY

Vitnemål, attestar og tenestebevis må lastast opp som vedlegg til søknad/CV.


Arbeidsoppgåver

  • 3-delt turnus inkludert nattevakter
  • Arbeid gjennomsnittleg kvar 3.
    helg
  • Pre- og postoperativ sjukepleie til planlagde og akutte operasjonar
  • Planlegge og utføre ulike sjukepleieprosedyrer
  • Sjukepleie til akutt og kronisk sjuke
  • Sjukepleie til palliative pasientar
  • Samhandling med kommunane

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • Må meistre norsk skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

  • Ansvarsbevisst
  • Personlege eigenskapar og fagleg engasjement vert vektlagt
  • Må trivast med høg aktivitet i arbeidet
  • Vilje og evne til samarbeid med ulike yrkesgrupper
  • Medverke til å oppretthalde eit godt psykososialt arbeidsmiljø

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Kontaktinformasjon

Aina Torine Rangsæter, Seksjonsleiar, +47 70058389

Arbeidssted

Kløvertunvegen 1
6100 Volda

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 4805080659
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 12.05.2024

Kirurgisk sengepost Volda, Helse Møre og Romsdal HF


Kløvertunvegen 1
6100 Volda
Norge
webbsida: helse-mr.no
publicerad: 2024-04-24
Sjukepleiar
Heltid
Vikariat
sista ansökningsdag: 2024-05-12
erfarenhet:




Källa: ArbetsAnnonser.se