Bygg og anlegg
Helse og sosial
Håndverkere
IT
Industri og produksjon
Kontor og økonomi
Kultur og kreative yrker
Natur og miljø
Reiseliv og mat
Salg og service
Sikkerhet og beredskap
Transport og lager
Uoppgitt/ ikke identifiserbare
Utdanning
 
 
< tillbaka
 

Avdelingsleiar

Om arbeidsstaden

Kommunalområdet Oppvekst er ei eining med omlag 145 tilsette, og blir leia av kommunalsjefen.
I denne eininga inngår Austevoll ungdomsskule, Storebø skule, Selbjørn skule, private barnehagar, PPT-kontor, helsestasjon, barnevern, vaksenopplæring, kulturskule og bibliotek.
Oppvekst har som mål å leggja til rette for gode oppvekstvilkår for barn og unge, difor er folkehelsa og livsmeistring eit av fleire satsingsområde.

Selbjørn skule er ein barneskule med om lag 155 elevar og 35 tilsette.
Dei fleste tilsette er pedagogar – og spesialpedagogar, men vi har òg miljøarbeidar og barne- og ungdomsarbeidarar.
Skulen har meistring og trivsel som motto, og er med i Trivselsleiar-programmet.
Skulen benytter seg av avdelingsleiar-modellen og avdelingsleiarane vil saman med rektor utgjere leiarteamet på skulen.

Skulen ligg flott til i Bekkjarvik, kor det er gode handels-, kultur- og servicetilbod.
Skulen har gode undervisningsrom, idrettshall, kultursal og flott musikkavdeling.
Her er fantastiske uteområde, med kunstgrasbane, tennisbane, sandvolleyball, leikepark, sandstrand og turløyper. 

Vi er med i Trivselsleiar-programmet, som er det største programmet i Skandinavia for aktivitet og inkludering i barne- og undomsskule.
Konseptet TL-undervisning kombinerer fysisk aktivitet og læring i undervisningen. Hos oss bidrar både tilsette og elevar til eit betre samhold og eit tryggare skolemiljø gjennom organisert aktivitet i friminuttene. 


Om stillinga

Ved Selbjørn skule har vi ledig ein nyoppretta stilling som avdelingsleiar.
Stillinga står ledig frå  frå 3.
januar 2024.

Ingen kan skapa ein god skule åleine.
Vi ønskjer deg som vil vera med og leia utviklinga av skulen sitt profesjonelle fellesskap, som har motivasjon og interesse for å vidareutvikla skulen som ein lærande organisasjon og som er engasjert i kvalitetsutviklingsarbeid.

Slik kan vi få realisert det kollektive ansvaret for elevane si læring.
Som avdelingsleiar går du inn i leiarteamet ved skulen.

Ansvars- og arbeidsoppgåver

Personalansvar for tilsette:

  • Medarbeidarsamtalar
  • Fråvær – og sjukefråværsoppfølging
  • Kompetanseutviklingsplanar
  • Rettleiing
  • Utvikla gode rutinar for digitale system
  • Rullerande ansvar for vikarar
  • Nytilsette
  • Dagleg drift og fagleg-pedagogisk utviklingsarbeid:
  • Samarbeid og fagleg pedagogisk utviklingsarbeid
  • Koordinera samhandling med interne- og eksterne samarbeidspartnarar
  • Heim – skule samarbeid
  • Leggja til rette for og følgja opp kartleggingsprøvar, nasjonale prøvar og elevundersøkinga
  • Elevane sitt skulemiljø, særleg § 9A i opplæringslova
  • Inkluderande læringsmiljø 
  • Som avdelingsleiar i Austevollskulen må du pårekna at inntil 50% av arbeidet vil vera undervisning/ 37,5 t arbeidsveke

Kvalifikasjonskrav 

Formelle kvalifikasjonskrav

  • Godkjent lærarutdanning
  • Leiarutdanning /leiarerfaring er ein fordel
  • God IKT-kompetanse
  • Erfaring frå spesialpedagogisk arbeid
  • Gode ferdigheiter innafor klasse-/læringsleiing og relasjonsleiing, samt skuleutvikling
  • Kunnskap om førebyggjande arbeid og tidleg innsats
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne

I tråd med opplæringslova stiller vi krav om  politiattest av den som får tilbod om stillinga.

Personlege eigenskapar

Det vil bli lagt stor vekt på at du er personleg eigna til stillinga.

  • Du er fagleg engasjert, likar utfordringar og tek initiativ til å jobba fram forbetringar og gode løysingar
  • Du har gode samarbeidsevner og relasjonskompetanse, er tydeleg og kommuniserer godt og respektfullt med elevar, føresette og tilsette
  • Du er sjølvstendig, men også samarbeidsvillig og løysingsorientert
  • Du er ein lagspelar som jobbar systematisk

Vi tilbyr

  • Moglegheit for fagleg utvikling i eit fagmiljø i utvikling
  • Spanande utfordringar
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar 
  • Lønn etter avtale

Slik søkjer du

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stilling" på denne sida.

Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål.
Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar.

Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar i kommunen.

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2.
ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste.
Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort.


Austevoll kommune


Gullsmedvegen 20
5397 Austevoll
Norge
webbsida: austevoll.kommune.no
publicerad: 2024-04-18
Avdelingsleiar
Heltid
Fast
referens: https://www.jobbnorge.no/ledige-stillinger/stilling/255398
sista ansökningsdag: 2024-05-10
erfarenhet:




Källa: ArbetsAnnonser.se