Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Universitetsmuseet i Bergen har forsking, samlingsforvaltning og formidling som kjerneoppgåver, saman med innsamling, dokumentasjon og vern.
Museet har fagfelta antropologi, arkeologi, kunst- og kulturhistorie, botanikk, geologi og zoologi.
Til museet ligg og ansvaret for utgravingsverksemda etter Kulturminnelova med forskrifter, samt for Aboretet og to botaniske hagar.
Universitetsmuseet har omfattande vitskaplege samlingar og er eit nasjonalt formidlingssentrum.
Museet har om lag 153 årsverk fordelt på om lag 200 tilsette.
Nærmare informasjon om museet finn ein her: https://www.uib.no/universitetsmuseet
Ved Universitetsmuseet i Bergen, Fornminneseksjonen, er det ledig ei eittårig 100% stilling med moglegheit for forlenging som zooarkeolog og feltleiar (overingeniør kode 1087).
Stillinga er knytt til Seljeprosjektet, eit eksternt finansiert prosjekt frå den lovpålagde utgravingsverksemda ved Universitetsmuseet i Bergen.
Fornminneseksjonen har ansvaret for forvaltningsinitierte arkeologiske undersøkingar i Universitetsmuseet i Bergen sitt distrikt (Vestland og Sunnmøre).
Seksjonen er elles rådgjevar for Riksantikvaren, fylkeskommunane, Sametinget og andre samarbeidspartnarar.
Fornminneseksjonen utgjer saman med Forskingsseksjonen Avdeling for kultur.
Fornminneseksjonen har fire fast tilsette forskarar og 16 administrative stillingar i tillegg til mellombels tilsette knytt til ulike forvaltningsprosjekt.
Zooarkeologen/feltleiaren inngår i prosjektstaben til Seljeprosjektet.
Ved utgravingane på den kystorienterte lokaliteten Selje, i Stad kommune, Vestland fylke, vart det i 2023 avdekka eit omfattande zoo-arkeologisk materiale knytt til ulike bosetingsfasar frå seinneolittisk tid til vikingtid/mellomalder.
Hovudoppgåva kjem til å vere knytt til analyse av beinmateriale frå utgravingane.
Det daglege arbeidet vil utførast under rettleiing og i tett samarbeid med prosjektleiar.
Arbeidet med det osteologiske materiale vil finne stad ved Universitetsmuseets Naturhistoriske avdeling sitt laboratorium, og i samhandling med personalet der.
I stillinga inngår og andre arbeidsoppgåver knyt til etterarbeid og analyse av data frå Seljeprosjektet og utgravingane, slik som databehandling i GIS/Intrasis, listeføring, databasar og utforming av feltrapportar.
Kvalifikasjonskrav:
Vi ser det som ein føremon at søkjar har:
Personlege eigenskapar:
Det er vesentleg at den som vert tilsett er eigna for stillinga, difor vert personlege eigenskapar og samarbeidsevner særleg vektlagt i vurderinga.
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: seksjonssjef ved Fornminneseksjonen, Morten Ramstad, tlf.
55 58 49 44/ 406 10 070, e-post: morten.ramstad@uib.no.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre.
UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Vi oppmodar kvinner om å søkje.
Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista.
Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
UiB er underlagt regelverket for eksportkontroll og regelverket kan komme til anvending ved behandling av søknader til stillinga
Den som vert tilsett må rette seg etter retningslinjene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.
Søknaden skal innehalde:
Søknad og CV skal sendast elektronisk via www.jobbnorge.no til Universitetet i Bergen.
Kopi av vitnemål og attestar skal berre sendast dersom søkjaren får melding om det
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke.
Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla.
Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her.