Bygg og anlegg
Helse og sosial
Håndverkere
IT
Industri og produksjon
Kontor og økonomi
Kultur og kreative yrker
Natur og miljø
Reiseliv og mat
Salg og service
Sikkerhet og beredskap
Transport og lager
Uoppgitt/ ikke identifiserbare
Utdanning
 
 
< tillbaka
 

Tokke skule - Lærarstilling 100% vikariat- mogleg fast frå 01.08.24 -

LÆRARSTILLING

Tokke skule har ledig lærarstilling i 100% vikariat og mogleg fast, frå 01.08.24.

Tokke kommune har sett fokus på fagleg utvikling, med ulike pedagogiske innfallsvinklar.

Skulane i Tokke er opptekne av å vera ein inkluderande skule for alle, og ha eit godt skulemiljø med mange aktivitetar for elevane.

Kollektiv kompetanseutvikling står sentralt, no nyttar ein to timar kvar veke av den bundne tida til fagutvikling.

Tokke kommune har to skular.
Tokke skule som ligg i Dalen, og Høydalsmo skule som ligg i Høydalsmo.
Kommunen tilbyr gratis SFO for alle elevar i småskulen.

Tokke skule:

1-10 skule med 165 elevar og om lag 23 årsverk for pedagogisk personale.

På skulen arbeider vi kontinuerlig med å skape best mogleg lærings -- og utviklingsmiljø der elevane skal oppleve meistring og tryggleik.
For å få til dette er vi oppteken av klasseleiing med tydelege vaksne, gode relasjonar, samt fokus på tidleg innsats og tilpassa undervisning.

Tokke skule har uteskule annan kvar fredag for 1 til 7.
klasse.

Det er ynskjeleg med undervisningskompetanse i:

Kompetanse og erfaring med undervisning i 5.
-- 10.
klasse, gjerne kontaktlærar frå 5.
til 10.
klasse.

Særskilde fagynskje; Engelsk, norsk, spesialundervisning.

Lærarar med anna fagkompetanse kan også søkje.

Ynskjer ein meir informasjon kan ein ta kontakt med rektor, Per- Arthur Romberg Hanssen på e-post: Per-arthur.romberg.hanssen@tokke.kommune.no eller

mob.
992 66 465

Personlege eigeskapar:

  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Være engasjert, fleksibel, reflektert og tydeleg
  • Ha evne til å sjå positivt på nye utfordringer
  • Være ansvarsbevisst og sjølvstendig

Me kan tilby:

  • Utfordrande arbeidsoppgåver i ein service- og utviklingsorientert etat
  • Ein spanande og variert kvardag saman med flotte born og dyktige medarbeidarar
  • Eit godt arbeidsmiljø
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar

Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar.

Blir det fleire ledige stillingar fram til nytt skuleår, vil ein nytte same søkjarliste.

Vi i Tokke kommune er oppteken av mangfald, og oppfordrar difor alle som er kvalifisert til å søkje, uansett alder, kjønn, funksjonshemming og nasjonal eller etnisk bakgrunn.
Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det.

Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju.
Dei som vert tilsett, må leggje fram politiattest, før ein kan ta til i jobben.

I samsvar med Offentleglova §25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.

Søknad vert å sende på elektronisk skjema, sjå www.tokke.kommune.no

Søknadsfrist: 1.
mai 2024

Velkomen som søkjar!

Tokke Kommune Sentraladministrasjon


Storvegen 60
3880 Tokke
Norge
webbsida: tokke.kommune.no
publicerad: 2024-04-19
Lærer
Heltid
start: 2024-08-01
Fast
epost
sista ansökningsdag: 2024-05-01
erfarenhet:




Källa: ArbetsAnnonser.se