Bygg og anlegg
Helse og sosial
Håndverkere
IT
Industri og produksjon
Kontor og økonomi
Kultur og kreative yrker
Natur og miljø
Reiseliv og mat
Salg og service
Sikkerhet og beredskap
Transport og lager
Uoppgitt/ ikke identifiserbare
Utdanning
 
 
< tillbaka
 

Utgravingsleiar i arkeologi ved Universitetsmuseet i Bergen

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?


Utgravingsleiar i arkeologi ved Universitetsmuseet i Bergen

Universitetsmuseet i Bergen har forsking, samlingsforvaltning og formidling som kjerneoppgåver, saman med innsamling, dokumentasjon og vern.
Museet har fagfelta antropologi, arkeologi, kunst- og kulturhistorie, botanikk, geologi og zoologi.
Til museet ligg og ansvaret for utgravingsverksemda etter Kulturminnelova med forskrifter, samt for Aboretet og to botaniske hagar.
Universitetsmuseet har omfattande vitskaplege samlingar og er eit nasjonalt formidlingssentrum.
Museet har om lag 153 årsverk fordelt på om lag 200 tilsette.
Nærmare informasjon om museet finn ein her: https://www.uib.no/universitetsmuseet

Ved Universitetsmuseet i Bergen, Fornminneseksjonen, er det ledig ei fast stilling som utgravingsleiar (overingeniør kode 1087).
Stillinga er eksternt finansiert (prosjektmidlar) og knytt til den lovpålagde utgravingsverksemda ved Universitetsmuseet i Bergen.

Fornminneseksjonen har ansvaret for forvaltningsinitierte arkeologiske undersøkingar i Universitetsmuseet i Bergen sitt distrikt (Vestland og Sunnmøre).
Seksjonen er elles rådgjevar for Riksantikvaren, fylkeskommunane, Sametinget og andre samarbeidspartnarar.
Fornminneseksjonen utgjer saman med Forskingsseksjonen Avdeling for kultur.
Fornminneseksjonen har fire fast tilsette forskarar og 16 administrative stillingar i tillegg til mellombels tilsette knytt til ulike forvaltningsprosjekt.


Arbeidsoppgåver:

Utgravingsleiar skal avlaste prosjektleiar i ulike oppgåver knytt til arkeologiske utgravingar.
Utgravingsleiar vil ofte ha det det dagleg ansvar for feltarbeidet, stillinga inneberer og for- og etterarbeid.
Utgravingsleiar utfører oppgåver som utgraving og dokumentasjon i felt, innmåling og databehandling i Intrasis, feltformidling, handtering av funn og prøver, listeføring, databasar og skriving av feltrapportar.

Stillinga inneberer krav til fagleg orientering og føreset oppdatering på regional forskningsstatus, også på det tverrfaglege arkeologisk feltet.
Andre administrative og museale arbeidsoppgåver ved seksjonen kan og leggast til stillinga.
Stillinga vil medføre mykje reising.


Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Kvalifikasjonskrav:

  • Mastergrad i arkeolog
  • Brei arkeologisk praksis frå arkeologiske utgravingar kombinert med leiaransvar i felt og erfaring med funnbehandling og rapportering
  • Sterk kompetanse innanfor digital arkeologi (GIS, intrasis, fotogrammetri, lidar og digital dokumentasjon)
  • Beherske norsk eller anna skandinavisk språk flytande
  • Det forventast at søker kan skrive rapportar på norsk innan rimeleg tid

Vi ser det som ein føremon at søkjar har:

  • Fagleg bredde, men det er spesielt ønskjeleg med kompetanse innanfor vestnorsk arkeologi
  • Oppdatert kompetanse innanfor relevante dokumentasjonsmetodar
  • Gjenstandskatalogisering og/eller erfaring frå nasjonale funn- og fotodatabaser
  • Førarkort for bil
  • Relevant formidlings erfaring samt vitskapeleg produksjon vil bli tillagt vekt
  • Kjennskap til kulturminneforvaltninga generelt og museal erfaring reknast som ein fordel

Personlege eigenskapar:

  • Vera dugande til å levera i høve til tidsfristar og kvalitet
  • Vere løysings- og samarbeidsorientert
  • Kunne arbeide planmessig og sjølvstendig
  • Bidra til eit godt arbeidsmiljø og samarbeidsklima

Det er vesentleg at den som vert tilsett er eigna for stillinga, difor vert personlege eigenskapar og samarbeidsevner særleg vektlagt i vurderinga.


Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Løn som feltleiar (kode 1087 overingeniør) er kr 584 500 – 615 700 per år i full stilling etter erfaring i felt/feltarbeid.
    For særleg godt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast
  • Medlemsskap i Statens Pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Trening i arbeidstida
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: seksjonssjef ved Fornminneseksjonen, Morten Ramstad, tlf.
55 58 49 44/ 406 10 070, e-post: morten.ramstad@uib.no

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre.
UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Vi oppmodar kvinner om å søkje.
Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista.
Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

UiB er underlagt regelverket for eksportkontroll og regelverket kan komme til anvending ved behandling av søknader til stillinga

Den som vert tilsett må rette seg etter retningslinjene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.

Søknaden skal innehalde:

  • Søknadsbrev som beskriver kvalifikasjonar
  • CV
  • Vitnemål og attestar
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansar
  • Oversikt arkeologisk felterfaring og rapportar frå arkeologiske utgravingar
  • Liste over eventuelle publikasjonar

Søknad og CV skal sendast elektronisk via www.jobbnorge.no til Universitetet i Bergen.
Kopi av vitnemål og attestar skal berre sendast dersom søkjaren får melding om det.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke.
Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla.
Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her.


Universitetet i Bergen


Ute i felt, og i Joachim Frieles gate 1
5007 Bergen
Norge
webbsida: uib.noom84775ledige-stillinger-ved-uib
publicerad: 2024-04-25
Utgravingsleiar i arkeologi ved Universitetsmuseet i Bergen
Heltid
Fast
referens: https://www.jobbnorge.no/ledige-stillinger/stilling/262271
epost
sista ansökningsdag: 2024-05-15
erfarenhet:




Källa: ArbetsAnnonser.se