Bygg og anlegg
Helse og sosial
Håndverkere
IT
Industri og produksjon
Kontor og økonomi
Kultur og kreative yrker
Natur og miljø
Reiseliv og mat
Salg og service
Sikkerhet og beredskap
Transport og lager
Uoppgitt/ ikke identifiserbare
Utdanning
 
 
< tillbaka
 

Konsulent/førstekonsulent

Er du vår nye kollega? Vi er eit team på 12 medarbeidarar som har vår arbeidsplass i nytt fylkeshus i Bergen.

Vi handterer alt rundt lønsutbetaling til dei omlag 6000 tilsette i Vestland fylkeskommune.

Vi skal styrke laget vårt og vi skal sikre og utvikle god kompetanse på det løns- og HR-faglege området, både internt i eininga og som leiarstøtte til brukarane våre.


Arbeidsoppgåver

  • handtere lønnskøyring og fråvær for eigne einingar
  • handtere sjukefråvær og refusjonar frå jobbmagasinet.se

Du vil også få oppgåver som til dømes:

  • utvikling av  rutinar og informasjon til einingane våre
  • pensjonsrapportering
  • reiserekningar og utlegg 
  • vere en sentral samspelspartnar med våre HR-rådgjevarar

Det er særs viktig at du kan arbeide sjølvstendig med løn frå A til Å.
Vi ser etter deg som har god erfaring med å tilrettelegge opplæring og utarbeide rutiner for leiarar og tilsette.
Gode kunnskapar innan fråvær- og refusjonarbeid vil også bli vektlagt.

Kvalifikasjonar

  • fagbrev i kontor- og administrasjonsfag og/eller fagskule innan løn/HR
  • god erfaring med å gjennomføre opplæring og rettleiing av leiarar i større og mindre grupper
  • god erfaring frå lønsarbeid og kunne handtere lønnskøyring for eigne einingar
  • kunnskap om lov- og avtaleverk innan løn og sjukefråvær, samt regelverk for reiseutlegg
  • gode datakunnskapar, særleg i Excel
  • god kjennskap til hovudtariffavtalen i kommunal sektor, spesielt løn for undervisnings- og miljøarbeidarstillingar
  • det er ein fordel om du er ein erfaren brukar av ulike løn- og personaldatasystem, digitale sjukmeldingar i løns- og personaldatasystem, elektronisk reiserekningssystem og har systemkunnskap knytt til desse løysingane
  • erfaring frå HR arbeid er eit pluss
  • det er ein fordel å ha kjennskap til fylkeskommunen si organisering.

Personlege eigenskapar

Du er:

  • serviceinnstilt
  • strukturert
  • påliteleg
  • sjølvstendig

Du har også høg arbeidskapasitet og arbeider godt i lag med andre.

Vi tilbyr

  • gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar
  • fleksibel arbeidstid
  • godt arbeidsmiljø, med ein høg delingskultur.

Andre opplysningar
Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk.

Alle nytilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader.

Dersom du har kompetanse på bachelornivå vil du bli innplassert som spesialkonsulent.

Ver merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2.
ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste.
Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.


Har du spørsmål eller ønskjer meir informasjon, send gjerne ein sms så tar vi kontakt med deg!

     

Kontaktinformasjon

Hanne Lin Øvsthus, leiar, 48024647

Arbeidsstad

Lars Hilles gate 22
5008 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune

Referansenr.: 4800699386
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 05.05.2024

avdeling organisasjon og økonomi - løn


Lars Hilles gate 22
5008 Bergen
Norge
webbsida: vlfk.no
antal lediga platser: 2
publicerad: 2024-04-18
Konsulent/førstekonsulent
Heltid
Fast
sista ansökningsdag: 2024-05-05
erfarenhet:




Källa: ArbetsAnnonser.se