Bygg og anlegg
Helse og sosial
Håndverkere
IT
Industri og produksjon
Kontor og økonomi
Kultur og kreative yrker
Natur og miljø
Reiseliv og mat
Salg og service
Sikkerhet og beredskap
Transport og lager
Uoppgitt/ ikke identifiserbare
Utdanning
 
 
< tillbaka
 

Vi søkjer engasjerte og dyktige barnehagelærarar til vår nyoppstarta montessoribarnehage

Frå og med 01.08.24 vert det starta opp montessoribarnehage på Hildre.
Vi søker difor etter 3 barnehagelærarar.

Hildre Montessoribarnehage er ein nyoppstarta barnehage som følgjer Maria Montessori sine pedagogiske prinsipp.
Barnehagen ligg i eit område med mykje fin natur og tilhøva ligg til rette for at ein kan bruke det omkringliggande miljøet aktivt i kvardagen.
Dette vil bli den første montessoribarnehagen på Sunnmøre.
Her vil du bli ein del av eit større montessorimiljø gjennom Hildre Montessoriskule, i tillegg til eit engasjert lokalmiljø med stor iver for sin lokale barnehage.

Om stillinga

  • 3x 100% fast stilling som barnehagelærar frå og med 1.
    august

· Søknadsfrist 19.05.2024

Arbeidsoppgåver

  • Fagleg/pedagogisk leiing og drift av avdeling
  • Rettleiing og støtte av det øvrige personalet i det pedagogiske arbeidet
  • Utarbeide og gjennomføre årsplan i samarbeid med medarbeidarar og styrar
  • Legge til rette for godt samarbeid med føresette
  • Vere ein pådrivar i utviklingsarbeid i barnehagen

Kvalifikasjonar

  • Godkjend barnehagelærarutdanning
  • Erfaring innan montessoribarnehage, eventuelt interesse og nysgjerrigheit for montessoripedagogikk

Personlege eigenskapar

  • Du er fleksibel, løysingsorientert og har eit ønske om å yte litt ekstra for ein nyoppstarta barnehage
  • Du har gode samarbeidsevner, er open, inkluderande, skaper tillit og engasjement
  • Du har gode kommunikasjonsevner i møte med både barn, foreldre og kollegaer.
  • Du er strukturert, målretta og har gjennomføringsevne
  • Du har god nynorsk skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • Personlege eigenskapar vil bli vektlagt

Vi tilbyr

  • 100% fast stilling
  • Lønn etter gjeldande tariff
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Utfordrande og spennande oppgåver
  • Eit miljø med engasjerte kollegaer, føresette og barnehageeigarar
  • Høve til å bli del av eit større montessorimiljø på Hildre
  • Høve for utdanning innan montessoripedagogikk

Det krevjast godkjend politiattest for arbeid i barnehagen.

For spørsmål og søknad ta kontakt med:

Steffen André Kråkenes (dagleg leiar) på 91 19 13 34 og e-post: steffen.krakenes@hildreskule.no

Søknadsfrist: snarast

Hildre Montessoribarnehage


Hildredalsvegen 40
6272 Haram
Norge
antal lediga platser: 3
publicerad: 2024-04-25
Barnehagelærer
Heltid
start: 2024-08-01
Fast
epost
sista ansökningsdag: 2024-05-19
erfarenhet:




Källa: ArbetsAnnonser.se