Bygg og anlegg
Helse og sosial
Håndverkere
IT
Industri og produksjon
Kontor og økonomi
Kultur og kreative yrker
Natur og miljø
Reiseliv og mat
Salg og service
Sikkerhet og beredskap
Transport og lager
Uoppgitt/ ikke identifiserbare
Utdanning
 
 
< tillbaka
 

Psykolog/ Psykologspesialist

Vi har ledig et 100% vikariat som psykolog/psykologspesialist med 1 års varigheit, oppstart frå 01.08.24

Har du lyst å arbeide med born og unge med medfødte og tidleg erverva funksjonsnedsettingar som ein del av eit tverrfagleg team? Då er dette sjansen for deg! Vi søkjer etter fagfolk med interesse for habilitering. Seksjonen vår har tilsett faggrupper som lege, psykolog/psykologspesialist, fysioterapeut, ergoterapeut, vernepleiar, pedagog, sjukepleiar, sosionom og merkantilt personale.
Vi arbeider i tverrfaglege team med diagnostisering, oppfølging/ behandling, rettleiing  og pasientopplæring.
HABU har utstrakt samarbeid med kommunale tjenester og store deler av tjenesten er ambulant.
HABU i Kristiansund og Ålesund har tett samarbeid rundt pasientforløp og fagutvikling.

Arbeidsplassen er for tida ved Kristiansund sjukehus, men i oktober 2024 skal vi flytte inn i eit topp moderne sjukehus for Nordmøre og Romsdal på Hjelset.
Der vil vi samlokaliseres med habilitering for voksne, og kunne dra nytte av eit større og meir spennande fagmiljø.
I Kristiansund vert det vidare eit breitt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling, og dagkirurgi.

Du er velkomen som søkjar til ein spennande arbeidsplass!


Arbeidsoppgåver

  • Utgreiing/diagnostisering
  • Samarbeid i tverrfagleg team knytt til både utredning og behandling/oppfølging
  • Pasientopplæring
  • Oppfølging av foreldre/føresette
  • Samarbeid med fagfolk i 1.
    linjetenesta, 2.
    linjetenesta og øvrige samarbeidspartnerar
  • Delta i fagutvikling og forsking
  • Ambulant arbeid er ein viktig del oppgåvene våre.
    Søkjar må ha førarkort (klasse B) Vi har tenestebilar til disposisjon

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som Psykologspesialist/psykolog
  • Psykologar uten spesialisering er også velkomne til å søkje
  • Ønskjeleg med erfaring og kjennskap til utredning og oppfølging av HABU sine målgrupper.
    Særleg kunnskap om menneske med psykisk utviklingshemming og autisme med ulike tilleggsvanskar.
    Det er spesielt ønskjeleg med erfaring og kompetanse i høve til utgreiing og behandling/oppfølging for desse målgruppene
  • Søkjarar må kunne retteleie fagpersonar i førstelinjeteneste og delta i opplæringsverksemd
  • Vi forutset at søkjar meistrar norsk/skandinavisk språk både skriftlig og muntlig 

Personlege eigenskapar

  • Ha heilskapsforståing 
  • Vere fleksibel
  • Vere strukturert og jobbe målretta samt evne til sjøvstendig planlegging
  • Ha gode evner til samarbeid i eit tverrfagleg miljø

Personlege eigenskaper som er viktige i høve til stilllinga, vil bli vektlagt ved tilsetting.

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Rekrutteringstillegg
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp, saman med søknad og CV.

Drøymer du om å bo med kort avstand mellom hav, fjell og fjord med rikt høve til friluftsliv? Å ha tilgang på eit rikt og engasjert kulturmiljø i kystbyar med ambisjonar? 
Den fargerike opera- og klippfiskbyen Kristiansund er perla på Nordmøre.
Her finn du eit rikt kulturtilbod med eige operahus som har fleire oppsetjingar og konsertarrangement kvart år.
Like utafor byen kan du oppdage den spektakulære Atlanterhavsvegen og fleire sjarmerande fiskevær. Les meir om Kristiansund og Nordmøre her!

Molde er rosens, jazzens og kulturens by, og ikkje minst eit eldorado for fjellturer, alpint, klatring, golf, seiling og padling.
Byen er barnevennleg med nærleik til skule, barnehage og fritidstilbod.
Molde by fornyar seg med m.a.
ny sjøfront og fleire spennande kaféer og spisestader. Les meir om Molde og Romsdalen her!

Kontaktinformasjon

Diana Trejos, Ass.
seksjonsleiar, +47 99 79 31 81, diana.trejos@helse-mr.no

Arbeidsstad

Herman Døhlens vei 1
6508 Kristiansund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 4801584131
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 01.08.2024
Sluttdato: 31.07.2025
Søknadsfrist: 12.05.2024

Habilitering barn og ungdom Kristiansund, Helse Møre og Romsdal HF


Herman Døhlens vei 1
6508 Kristiansund
Norge
webbsida: helse-mr.no
publicerad: 2024-04-24
Psykolog/ Psykologspesialist
Heltid
start: 2024-08-01
Vikariat
epost
sista ansökningsdag: 2024-05-12
erfarenhet:




Källa: ArbetsAnnonser.se