Er du vår nye dramapedagog?
Me søkjer etter lærar som kan undervisa grupper i teater og teaterdans.
Kvam kulturskule har om lag 450 elevar og 28 tilsette og underviser i alle skulekrinsane i heradet.
Kvam kulturskule ynskjer å vera eit kulturelt kraftsenter med eleven i sentrum.
Me tek utgangspunkt i det som bur i kvar enkelt elev og skapar trygge rammer.
Me ynskjer at elevane våre skal få lære, oppleva, skapa og formidla kunst og kultur gjennom eigen aktivitet og i fellesskap med andre. Kulturskulen byggjer menneske gjennom kunstfaga.
Det å byggja menneske, er å byggja samfunn.
Kulturskulen har også ansvaret for DKS (Den kulturelle skulesekken) og UKM. Sjå her for meir informasjon om oss: https://www.kvam.no/kulturskule
Arbeidsoppgåver
Å drive teatergrupper for born og ungdom gjennom eit positivt og gjevande skuleår.
Det er planlagd ei større framsyning i slutten av vårsemesteret -25.
Arbeidet fram mot denne framsyninga vil vera tverrfagleg og i samarbeid med andre tilsette i kulturskulen.
Kvalifikasjonar
- Dramapedagogisk utdanning på bachelor- eller masternivå
- Teater/skodespelarutdanning
- Søkjarar som ikkje tilfredstiller desse krava, kan tilsetjast dersom tilsvarande realkompetanse eller relevant utdanning kan dokumenterast
- Erfaring frå undervisning / pedagogisk arbeid og erfaring med å sette opp teaterframsyningar
- Gode utøvande ferdigheiter innan aktuell disiplin
- Grunnleggjande IT-kunnskapar, og evne og interesse for å tileigna seg kunnskap innan ny teknologi
Personlege eigenskapar
Me legg vekt på at:
- Du er ein trygg lærar som gjev opplæring av høg fagleg og pedagogisk kvalitet
- Du har sterkt engasjement og driv for å få fram det beste i kvar elev, og evner å skapa eit samlande og inkluderande miljø i teatergruppene
- Du har god samarbeidsevne og kan kommunisere godt med både elevar, føresette, kollegaer og andre.
- Du er serviceinnstilt og engasjert, fleksibel, raus og inkluderande
- Du er venleg og har respekt for andre, viser kjærleik til kunsten og faget, og utforskar gjerne i lag med elevane våre
Me tilbyr
- Gode kollegaer i eit godt arbeidsmiljø og varierte arbeidsoppgåver
- Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønssystem
- Gode pensjons-/og forsikringsordningar
Generell informasjon:
Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkinga.
Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn.
Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne.
I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk.
Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta.
Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista.
Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.
Kontaktinformasjon
Anne Cathrine Eiken, Kulturskulerektor, +47 975 16 771
Arbeidsstad
Grovagjelet
5600 Norheimsund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Kvam herad
Referansenr.: 4800790832
Stillingsprosent: 40%
Vikar
Startdato: 01.08.2024
Sluttdato: 31.07.2025
Søknadsfrist: 05.05.2024