Bygg og anlegg
Helse og sosial
Håndverkere
IT
Industri og produksjon
Kontor og økonomi
Kultur og kreative yrker
Natur og miljø
Reiseliv og mat
Salg og service
Sikkerhet og beredskap
Transport og lager
Uoppgitt/ ikke identifiserbare
Utdanning
 
 
< tillbaka
 

Føsteamanuensis eller universitetslektor i medisin (kirurgi)

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?


Førsteamanuensis eller universitetslektor i medisin (kirurgi)

Ved Det medisinske fakultet er det ledig ei åremålsstilling som førsteamanuensis eller universitetslektor (20 %) i medisin (kirurgi) ved Klinisk institutt 1, for ein periode på to (2) år.
Bistillinga er knytt til fast hovudstilling som klinisk overlege innan det aktuelle fagområdet (minimum 50 %) ved Helse Fonna HF, Haugesund sjukehus.
Arbeidsstad er ved Haugesund sjukehus. 


Arbeidsoppgåver/forskingsområde:

Arbeidsoppgåver/forskningsområde for førsteamanuensis:

  • Delansvar for utforming av og undervisning/rettleiing for medisinstudentar frå UiB som har praksisopphald i Haugesund
  • Involvering i eksamensarbeid
  • Noko administrativt abeid knytt til undervisning/eksamen

Den som vert tilsett skal leie og initiere forskingsprosjekt, undervise og rettleie studentar og stipendiatar, samt ta på seg administrative oppgåver etter rettleiande tidsmessige rammer.
Det vert forventa at den tilsette regelmessig sender søknadar til relevante nasjonale og internasjonale kjelder for forskingsfinansiering. Undervisningsplikta i stillinga er først og fremst knytt til medisinstudentane frå Universitetet i Bergen som har praksisopphald ved Haugesund sjukehus, men personen som vert tilsett pliktar å undervise i høve til dei studieprogramma fakultetet/instituttet til ei kvar tid har.
Det vert forventa høge ambisjonar og god kvalitet med omsyn til undervisning, og aktiv deltaking i instituttet og fakultetet sitt strategiarbeid og faglege aktivitetar.

Arbeidsoppgåver for universitetslektor

Den som vert tilsett skal undervise og rettleie studentar, og ta på seg administrative oppgåver etter rettleiande tidsmessige rammer.
Undervisningsplikta i stillinga er først og fremst knytt til medisinstudentane frå Universitetet i Bergen som har praksisopphald ved Haugesund sjukehus, men personen som vert tilsett pliktar å undervise i høve til dei studieprogramma fakultetet/instituttet til ei kvar tid har.
Det vert forventa høge ambisjonar og god kvalitet med omsyn til undervisning, og aktiv deltaking i instituttet og fakultetet sitt strategiarbeid og faglege aktivitetar.


Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Kvalifikasjonar og eigenskapar for førsteamanuensis

  • Søkjarar må ha norsk doktorgrad i eit relevant fagfelt, eller tilsvarande kompetanse, har dand.med.-grad og norsk autorisasjon som lege, og fyller krav til utdanningsfagleg kompetanse
  • Publisering på høgt internasjonalt nivå
  • Det er ønskjeleg at søkjar har brei og relevant klinisk erfaring, samt engasjement og interesse for undervisning
  • Det er ønskjeleg at søkjar har undervisnings- og administrativ erfaring samt erfaring med populærvitskapleg formidling
  • Søkjar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner
  • Pedagogisk basisutdanning er eit krav for stillinga.
    Den som blir tilsett vil få tilbod om opplæring dersom kravet ikkje er oppfylt før tilsetjing

Undervisningsspråket er i hovudsak norsk.
Det blir kravd at den som blir tilsett, kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan tre år etter tilsetjinga.

Kvalifikasjonar og eigenskapar for universitetslektor

  • Søkjar må ha cand.med.-grad og norsk autorisasjon som lege
  • Det er eit ønskje at søkjar har brei og relevant klinisk erfaring, og stort engasjement og interesse for undervisning

Det vert lagt vekt på dokumentert vilje og evne til samarbeid.
Undervisningsspråket er til vanleg norsk.
Det vert kravd at den som vert tilsett, kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan to år etter tilsetjinga.
Kurs vert tilbode.


Vi tilbyr:

  • Eit godt og internasjonalt arbeidsmiljø og spanande arbeidsoppgåver i eit fakultet med fagmiljø som hevdar seg godt nasjonalt og internasjonalt
  • Faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling
  • Førsteamanuensis: Løn er for tida kr 720 100 – 732 300 (kode 1011, lønssteg 72-73), eller løn for spesialist kr 732 300 - 759 100 (kode 1011, lønssteg 73-75).
    Løn er brutto pr.
    år for ei fulltidsstilling i lønsregulativet til staten ved tilsetjing.
    For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn
  • Universitetslektor: Løn er for tida kr 594 500 – 646 000 (kode 1009, lønssteg 61-66) brutto pr.
    år for ei fulltidsstilling.
    For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

Førsteamanuensis

  • Søknadsbrev som fortel kvifor du søkjer stillinga
  • Utfyllande CV samt relevante vitnemål og attestar
  • Fullstendig publikasjonsliste
  • Pedagogisk mappe, sjå Eining for læring
  • Ei liste over vitskaplege arbeid du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga (høgst 10).
    For kvart arbeid skal det følgje med eit kort samandrag som omtalar dei viktigaste funna i arbeidet
  • Dei 10 vitskaplege arbeida frå punktet over i pdf-format
  • Plan for eiga forsking dei neste fem åra (maks 5 A4-sider)
  • Namn og kontaktinformasjon til minst to referansar

Universitetslektor

  • Ei kort utgreiing om søkjaren sin motivasjon for å søkje stillinga
  • Karakterutskrifter (all høgare utdanning) og relevante attestar
  • Dokumentasjon på utdanningsfagleg kompetanse
  • To referansar (namn og kontaktinformasjon)

Dersom du driv forsking legg du og ved:

  • Fullstendig publikasjonsliste
  • Vitskaplege arbeid (maks 10) i pdf format

Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden (pdf).


Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til instituttleiar Christian Vedeler, e-post: christian.vedeler@uib.no eller på mobilB 91837971.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga.
Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista.
Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.


Universitetet i Bergen


Jonas Lies vei 87
5021 Bergen
Norge
webbsida: uib.noom84775ledige-stillinger-ved-uib
publicerad: 2024-04-25
Førsteamanuensis eller universitetslektor i medisin (kirurgi)
Deltid
Vikariat
referens: https://www.jobbnorge.no/ledige-stillinger/stilling/262243
epost
sista ansökningsdag: 2024-05-19
erfarenhet:




Källa: ArbetsAnnonser.se