Bygg og anlegg
Helse og sosial
Håndverkere
IT
Industri og produksjon
Kontor og økonomi
Kultur og kreative yrker
Natur og miljø
Reiseliv og mat
Salg og service
Sikkerhet og beredskap
Transport og lager
Uoppgitt/ ikke identifiserbare
Utdanning
 
 
< tillbaka
 

Miljøarbeidar i SFO og skule

Vatne barneskule er ein 1,- 7-skule, med omlag 100 elevar.
Frå 01.08.25 flytter vi til nye Eidet skule. 

Frå 01.08.24 har vi ledig ei 100 % stilling og ei 50% stilling som miljøarbeidar.
Vi søkjer motiverte og engasjerte tilsette som har lyst å gjere ein forskjell for våre elevar og vere ein del av våre flotte kollegaer, og som kan vere med å bidra til eit positivt, sosialt og lærande arbeidsmiljø. Stillingane er kombinasjonsstillinga der ein arbeider både i SFO og skule. 

I kommunalområde barnehage og skule har vi fleire kommunale barnehagar og skular. Vi ser etter deg som er engasjert og omsorgsfull, og som ønsker å skape meiningsfulle og inspirerande kvardagar for barn.
Bli med på vårt team og vere med å forme framtida.

Haram kommune er ein ambisiøs kommune, der gode og heilskaplege tenester er i fokus.
Vi er opptatt av å jobbe på tvers av tenesteområda våre, slik at vi saman kan skape robuste tilbod for  innbyggarar og næringsliv


Arbeidsoppgåver

  • Bidra til eit trygt og inkluderande skule og SFO-miljø.
  • Planlegge og gjennomføre aktivitetar.
  • Bidra til god tilrettelegging for elevane i nært samarbeid med undervisningspersonale.
  • Bidra til eit godt samarbeid med føresette og kollegaer.
  • Ha ansvar for fysisk aktivitet på mellomtrinnet, delta på symjeopplæring både i basseng og i sjø. 
  • Ha ansvar for trivselsleiarane. 
  • Ta ansvar for å gje elevane ein heilskapeleg skule og SFO-kvardag.

Kvalifikasjonar

  • Fortrinnsvis fagarbeidar i barne- og ungdomsarbeidarfaget, men ikkje eit absolutt krav.
  • Ønskeleg med erfaring frå arbeid med barn og unge, det er ein fordel om du har erfaring med å jobbe med barn som har behov for ekstra tilrettelegging. 
  • Du må være en trygg og tydelig voksen som kan bygge gode relasjoner til barn, føresette og kollegaer.
  • Må kunne takle raske og utfordrande situasjonar.
  • Det vil bli lagt vekt på personelege eigenskaper ved tilsetting.
  • Den som blir tilsett må legge fram tilfredstillande politi- og tuberkulinattest

Personlege eigenskapar

  • God relasjonskompetanse
  • Løysingsorientert
  • Fleksibel og lojal
  • Lærevillig
  • Tydeleg
  • Trygg

Vi tilbyr

  • Eit positivt, nytenkjande og utviklingsorientert fellesskap
  • Varierte arbeidsoppgåver
  • Engasjerte og støttande kollegaer
  • Tariffløn
  • Pensjonsordning gjennom KLP

Kontaktinformasjon

Ranveig Velle Vedeld, Verksemdsleiar/Rektor, +4791891803, Ranveig.Velle.Vedeld@haram.kommune.no

Arbeidsstad

Gjerdebakken 55
6265 Vatne

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Haram kommune

Referansenr.: 4798171980
Stillingsprosent: 100, 50%
Fast
Startdato: 01.08.2024
Søknadsfrist: 25.04.2024

Vatne barneskule, Haram kommune


Gjerdebakken 55
6265 Haram
Norge
webbsida: haram.kommune.no
antal lediga platser: 2
publicerad: 2024-04-18
Miljøarbeidar i SFO og skule
Heltid
start: 2024-08-01
epost
sista ansökningsdag: 2024-04-25
erfarenhet:




Källa: ArbetsAnnonser.se