Vatne barneskule er ein 1,- 7-skule, med omlag 100 elevar.
Frå 01.08.25 flytter vi til nye Eidet skule.
Frå 01.08.24 har vi ledig ei 100 % stilling og ei 50% stilling som miljøarbeidar.
Vi søkjer motiverte og engasjerte tilsette som har lyst å gjere ein forskjell for våre elevar og vere ein del av våre flotte kollegaer, og som kan vere med å bidra til eit positivt, sosialt og lærande arbeidsmiljø. Stillingane er kombinasjonsstillinga der ein arbeider både i SFO og skule.
I kommunalområde barnehage og skule har vi fleire kommunale barnehagar og skular. Vi ser etter deg som er engasjert og omsorgsfull, og som ønsker å skape meiningsfulle og inspirerande kvardagar for barn.
Bli med på vårt team og vere med å forme framtida.
Haram kommune er ein ambisiøs kommune, der gode og heilskaplege tenester er i fokus.
Vi er opptatt av å jobbe på tvers av tenesteområda våre, slik at vi saman kan skape robuste tilbod for innbyggarar og næringsliv
Arbeidsoppgåver
- Bidra til eit trygt og inkluderande skule og SFO-miljø.
- Planlegge og gjennomføre aktivitetar.
- Bidra til god tilrettelegging for elevane i nært samarbeid med undervisningspersonale.
- Bidra til eit godt samarbeid med føresette og kollegaer.
- Ha ansvar for fysisk aktivitet på mellomtrinnet, delta på symjeopplæring både i basseng og i sjø.
- Ha ansvar for trivselsleiarane.
- Ta ansvar for å gje elevane ein heilskapeleg skule og SFO-kvardag.
Kvalifikasjonar
- Fortrinnsvis fagarbeidar i barne- og ungdomsarbeidarfaget, men ikkje eit absolutt krav.
- Ønskeleg med erfaring frå arbeid med barn og unge, det er ein fordel om du har erfaring med å jobbe med barn som har behov for ekstra tilrettelegging.
- Du må være en trygg og tydelig voksen som kan bygge gode relasjoner til barn, føresette og kollegaer.
- Må kunne takle raske og utfordrande situasjonar.
- Det vil bli lagt vekt på personelege eigenskaper ved tilsetting.
- Den som blir tilsett må legge fram tilfredstillande politi- og tuberkulinattest
Personlege eigenskapar
- God relasjonskompetanse
- Løysingsorientert
- Fleksibel og lojal
- Lærevillig
- Tydeleg
- Trygg
Vi tilbyr
- Eit positivt, nytenkjande og utviklingsorientert fellesskap
- Varierte arbeidsoppgåver
- Engasjerte og støttande kollegaer
- Tariffløn
- Pensjonsordning gjennom KLP
Kontaktinformasjon
Ranveig Velle Vedeld, Verksemdsleiar/Rektor, +4791891803, Ranveig.Velle.Vedeld@haram.kommune.no
Arbeidsstad
Gjerdebakken 55
6265 Vatne
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Haram kommune
Referansenr.: 4798171980
Stillingsprosent: 100, 50%
Fast
Startdato: 01.08.2024
Søknadsfrist: 25.04.2024