Bygg og anlegg
Helse og sosial
Håndverkere
IT
Industri og produksjon
Kontor og økonomi
Kultur og kreative yrker
Natur og miljø
Reiseliv og mat
Salg og service
Sikkerhet og beredskap
Transport og lager
Uoppgitt/ ikke identifiserbare
Utdanning
 
 
< tillbaka
 

Sakshandsamar i barnevernstenesta

Stad kommune har frå 01.09.2024 ledig 100% fast stilling som sakshandsamar i barnevernstenesta.
Kontor- og oppmøtestad er på Stad rådhus, Nordfjordeid.

Barnevernstenesta er ein del av kommunalområdet oppvekst. Vi har felles barnevernsvakt med Gloppen og Stryn kommunar.

Som tilsett i barnevernstenesta vil du bli del av eit godt og stabilt fagmiljø som er opptekne av høg fagleg standard.


Arbeidsoppgåver

  • Sakshandsaming etter lov om barnevern (barnevernslova).
  • Vi er inndelt i tre team; melding, undersøking og hjelpetiltak, omsorg utanfor heimen og miljøterapeutar.

Kvalifikasjonar

  • Relevant høgskule-/universitetsutdanning, minimum tre år 
  • Vilje til å ta vidareutdanning i tråd med lovkrav i barnevernslova § 15-6 dersom det er nødvendig
  • Gyldig politiattest skal leggjast fram før start i stillinga, jamfør barnevernslova § 12-11 første ledd
  • Førarkort klasse B og høve til å disponere eigen bil
  • Gode språkkunnskapar i norsk, både munnleg og skriftleg
  • Gode datakunnskapar
  • Personleg eignaheit

Personlege eigenskapar

Som sakshandsamar i barnevernstenesta er det viktig at du 

  • har gode evner til munnleg og skriftleg framstilling
  • er tydeleg 
  • kan jobbe både sjølvstendig og i team
  • har evne til å trygge og ta i vare partar, samarbeidsinstansar og kollegaer
  • har gode samarbeidsevner og kan leie samtalar og møter
  • har stor arbeidskapasitet og kan prioritere mellom arbeidsoppgåver
  • kan arbeide planmessig og strukturert
  • har kjennskap til relevante lover og regelverk, god systemforståing og kan samarbeide tverrfagleg
  • held deg fagleg oppdatert
  • likar og toler høgt arbeidstempo
  • har evne til å reflektere over eigen praksis
  • er fleksibel 
  • aktivt bidrar til eit trygt og godt arbeidsmiljø

Vi tilbyr

  • Moglegheit for vidareutdanning i tråd med lovkrav knytt til arbeid i barnevernstenesta, jamfør barnevernslova § 15-6.
  • Ekstern rettleiing.
  • Eininga disponerer eigen bil.
  • Fleksibel arbeidstid.
  • Løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov og avtaleverk og moglegheit for kompetansetillegg.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar.
  • Flyttegodtgjersle.

Vi ber om at søkjarar lastar opp attestar og vitnemål saman med søknaden.
Politiattest skal leverast før start i stillinga.
Vi ber også om at søkjarar opplyser om relevante referansar av nyare dato.

Stad kommune har 6 månader prøvetid.

Vi gjer merksam på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista.
Oppmoding om unnatak må grunngjevast. 

Kontaktinformasjon

Britt Remme, Einingsleiar barnevern, +47 95 07 88 76, Britt.remme@stad.kommune.no

Arbeidsstad

Rådhusvegen 11
6770 Nordfjordeid

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Stad kommune

Referansenr.: 4797259301
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 26.05.2024

Barnevern, Stad kommune


Rådhusvegen 11
6770 Stad
Norge
webbsida: stad.kommune.no
publicerad: 2024-04-25
Sakshandsamar i barnevernstenesta
Heltid
Fast
epost
sista ansökningsdag: 2024-05-26
erfarenhet:




Källa: ArbetsAnnonser.se