Kulturskulen manglar dans-og teaterlærar for skuleåret 2024/25 og lyser ut vikariat på 50%.
Stryn kulturskule er eit kulturelt ressurssenter for bygda, og vi skal gje opplæring av høg kvalitet til born og vaksne i vår vidstrakte kommune innanfor dans, drama, kunst, musikk og song.
Kulturskulen har pr i dag 3,7 årsverk og om lag 200 elevplassar, og vi arbeider målretta med rekruttering gjennom lokale konsertar og arrangement.
Kulturlivet i Stryn er aktivt og mangfaldig.
Kulturskulen samarbeider tett med lokalt musikk- og kulturliv, og ynskjer å utvikle samarbeidet med andre lokale tenester i kommunen.
Stryn kulturskule er ein desentralisert kulturskule.
Kommunen er vidstrakt og vi prioriterer å ha undervisning i sentrum så vel som bygdene rundt.
Den øvrige undervisninga går føre seg i sentrum i eigne lokale i Stryn kulturhus.
Her er det undervisningsrom til instrumentalopplæring, visuell kunst og lydstudio som vert nytta til individuell undervisning, bandkurs, interne og eksterne innspelingsoppdrag.
Kulturskulen disponerer òg ein dansesal til teater-og dansegrupper.
Utlysinga gjeld tilsetting for skuleåret 2024/25 med oppstart frå 01.08.2024.
Arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
- Høgskuleutdanning eller anna relevant utdanning / kompetanse
- PPU er ikkje eit krav, men eit ynskje
- Personlege føresetnader, breidde i fagområde og kompetanse vil bli vektlagt opp i mot skulen sitt behov.
- Førerkort klasse B - må disponere eigen bil
Personlege eigenskapar
- Du må like å undervise born og unge individuelt og i gruppe
- Du må ha evne til å skape gode relasjonar
- Du må ha gode samarbeidsevne
- Du må vere positiv og miljøskapande
- Du må vere fleksibel og sjølvstendig
Vi tilbyr
- Tilsetting etter gjeldande lover, tariffavtale og reglement
- Lønn etter tariff
- God pensjonsordning gjennom KLP
- Den tilsette må legge fram politiattest av ny dato
- Variert arbeid i eit positivt miljø
Kontaktinformasjon
Ingrid Marie Schei Stuhaug, Rektor Stryn kulturskule , 57874764
Arbeidsstad
Tinggata 18
6783 Stryn
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Stryn Kommune
Referansenr.: 4801291215
Stillingsprosent: 50%
Vikar
Startdato: 01.08.2024
Søknadsfrist: 02.05.2024