Avdeling for Kreftbehandling og medisinsk fysikk (Kreftavdelinga) er Vestlandet si regionale kreftavdeling.
Vi har ansvaret for dei fleste former for avansert ikkje-kirurgisk kreftbehandling i Helse Vest RHF, herunder stråleterapi og medikamentell kreftbehandling.
Ved sida av utgreiing og behandling av pasientar i samsvar med internasjonalt anerkjende opplegg, blir det arbeidd med forbetring av eksisterande behandlingsmetodar og utvikling av nye tilbod.
Avdelinga har fleire aktive forskingsmiljø som driv på høgt internasjonalt nivå.
Ved stråleterapi blir det lagt stor vekt på å bruke behandlingsopplegg som er utarbeida spesielt for den enkelte pasient, for å oppnå best mogleg effekt på kreftsjukdommen, og redusere biverknadane.
Vi arbeider tverrfagleg og multidisiplinært med mange faggrupper til det beste for pasienten.
Det er eit integrert samarbeid med opererande avdelingar i sjukehuset om multimodal kreftbehandling, og det er etablert eit sarkomsenter med 4-6 senger på ein av postane. Vi er per i dag 29 LIS-legar og rundt 43 overlegar.
Vi har no ledig faste stillingar og vikariat (6 og 12 måneders varigheit) frå september 2024 som lege i spesialisering i onkologi.
Lege i spesialisering i onkologi-vikariata kan telje som del av spesialistutdanninga.
For vikariat kan Cand.med.
som ventar på å gjennomføre LIS1 òg søke og vil bli vurdert dersom det ikkje er andre kvalifiserte søkarar.
Cand.med.
blir inkludert i vaktrotasjon, hvis ledig vaktplan.
Ta kontakt om du har behov for tilpasset vaktplan.
For fast stilling gjeld følgande: Vi tilbyr spesialistutdanning som dekker heile utdanningsløpet i onkologi med rotasjonsordning til medisinsk teneste (hematologi og annan medisinsk seksjon) og tilbod om teneste ved palliativ sengepost for lindrande behandling.
Spesialistutdanninga vil gå føre seg i Bergensområdet, inkludert sideutdanninga.
Etter fullført spesialisering, vil stillinga bli omgjort til stilling som legespesialist.
Tiltreding i stillingane frå 02.
september. Det er mogleg å starte tidlegare.
Opplys i søknaden starttidspunkt og opplys om du søker fast stilling, vikariat eller begge.
Mangfaldserklæring
Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår.
Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn.
Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet.
Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.