Bygg og anlegg
Helse og sosial
Håndverkere
IT
Industri og produksjon
Kontor og økonomi
Kultur og kreative yrker
Natur og miljø
Reiseliv og mat
Salg og service
Sikkerhet og beredskap
Transport og lager
Uoppgitt/ ikke identifiserbare
Utdanning
 
 
< tillbaka
 

Er du lege som ikkje har fått turnusplass? Medisinsk og ortopedisk seksjon Lærdal sjukehus.

Lærdal sjukehus har i perioden 01.03.2023 - 01.09.2023 behov for legevikar på Medisinsk seksjon.

Lærdal sjukehus er ein del av Helse Førde HF.

Vi søkjer deg som tar ansvar, har pasienten i fokus og samarbeider godt med andre.
Vi kan tilby deg varierte medisinskfaglege utfordringar, og eit godt arbeidsmiljø.

Medisinsk sengepost har 12 sengeplassar, og håndterar medisinsk akutt behandling samt elektiv pasientbehandling.
Sengeposten er delt i kardiologisk gruppe og generell indremedisinsk gruppe.
Vi har også overvakingsavdeling med to sengeplassar.
95% av innleggingane er ØH.
Dei største pasientgruppene er hjarte- og infeksjonspasientar.

Du vil få oppgåver knytt til sengepost, poliklinikk, visittgang og vaktarbeid.
Du vil på vakt også ha ansvar for skadepoliklinikken.
På alle vakter har du erfaren overlege i bakvakt.
Skadepoliklinikken har 24-timers døgnberedskap og handterar dei fleste mindre skader og brudd.

Lærdal er en kommune og eit dalføre i Vestland som strekker seg frå Sognefjord i vest til fylksegrensa på Filefjell og Hemsedalsfjell i aust. Lærdal ligg innerst i Sognefjorden med god kommunikasjon til Oslo og Bergen.
Her er fantastisk natur med flott turterreng i nærområdet, sommar som vinter.
Lærdal har berømt tørt klima der deler av bygda har omtrent like lite nedbør som Alicante og Palma.
Lærdal med sidedalar og dei store fjellområdane byr på rike muligheiter for jakt og fisking.

Meir informasjon om Lærdal kan du lese her.
Sjukehuset er største arbeidsplassen i kommunen med ca.
175 ansatte.

Arbeidsoppgåver
  • Varierte oppgåver knytt til mottak av pasientar, akutt og planlagd innlegging, oppfølging og utskriving av pasientar på sengeposten og poliklinikk.
Kvalifikasjonar
  • Norsk autorisasjon som lege.
  • Gode kunnskapar i norsk både munnleg og skriftleg
  • Søkjarar utanfor Skandinavia må dokumentere kunnskap i norsk skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
  • Ha gode samarbeidsevner og vere fleksibel
  • Tåle tidvis høgt tempo
  • Ha pasienten i fokus
Vi tilbyr
  • Utviklande arbeid
  • Godt arbeidsmiljø
  • Varierte medisinskfaglege problemstillingar
  • Hjelp med å skaffe bustad
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane.
Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer.
Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a.
kommunane er høgt prioritert.
Føretaket har om lag 3 000 tilsette og eit budsjett på over 3,2 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane.
Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.

Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.
Vi ønskjer å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

HELSE FØRDE


6886 Lærdal
Norge
Hrafnhildur Yr Elvarsdottir
Seksjonsleiar
+4757640261
publicerad: 2023-01-30
Ortoped
Heltid
start: Etter avta
Vikariat
sista ansökningsdag: 2023-02-12
erfarenhet:




Källa: ArbetsAnnonser.se