Bygg og anlegg
Helse og sosial
Håndverkere
IT
Industri og produksjon
Kontor og økonomi
Kultur og kreative yrker
Natur og miljø
Reiseliv og mat
Salg og service
Sikkerhet og beredskap
Transport og lager
Uoppgitt/ ikke identifiserbare
Utdanning
 
 
< tillbaka
 

Skjærgardssjukepleiaren

Er du sjukepleiar eller vernepleiar på jakt etter nye utfordringar? Då ser me etter deg!
Solund kommune er ein øykommune samansett av øyer og holmar ytterst i Sognefjorden.
På den største øya ligg kommunesenteret Hardbakke og der har vi samla våre helsetenester.
I Solund kommune er kvilepuls verdsatt, men av og til kan det jammen vere greitt å få pumpa til å slå litt også i ein variert og kjekk arbeidskvardag.

Vi har ledig 100% stilling som sjukepleiar/vernepleiar.
Turnusen vår er i dag tredelt, men me er ikkje framand for å vere nytenkande.
Kunne du tenkje deg å arbeide ein stad med kombinert sjukeheim og heimeteneste med varierte og spanande arbeidsoppgåver? I ein øykommune der det blant anna er like naturleg å bruke båttransport som biltransport når vi skal på heimebesøk.
Solund kommune har slått saman institusjonstenesta og heimetenesta til ei eining, der ei samla personalgruppe har ansvar for både sjukeheimspasientar og heimebuande brukarar.
Kommunen har òg si eiga ØHD/KAD seng og alle helse- og omsorgstenestene er samla under eit tak.
Me har eigen legevakt som er bemanna 24/7 og saman er me eit godt team både dag og natt.

Kvalifikasjonar:
• Autorisert sjukepleiar/vernepleiar, gjerne med relevant vidareutdanning.
• God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
• Fagleg engasjert
• Førarkort kl B

Sidan vi er ein liten institusjon er det viktig at du er god på samhandling.
Det er ein variert kvardag, difor er det viktiga at du er fleksibel og har evne til å tilpasse deg.
For å få ein triveleg kvardag saman med bebuarane og kollegaer ser vi for oss at du er raus og inkluderande.

Vi tilbyr
• Sterkt tverrfagleg miljø
• Løn etter tariff med lokalt tillegg på kr.
7 000,- + rekrutteringstillegg på kr.
20 000,- per år
• Hjelp til å skaffe bustad
• Flyttegodtgjersle
• Spanande faglege arbeidsoppgåver i nydeleg natur ytst i havet
• Ein overvektig katt som bur på institusjonen med stor appetitt på både kos og mat
• I denne stillinga har du rett på ei av Noregs sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon.
Der dei fleste tenestepensjonar berre utbetalast i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varer frå den dagen du sluttar å jobbe og livet ut.
Les meir om medlemsfordelane i KLP her.
• Godt arbeidsmiljø, og eit inkluderande samfunn.

Dette er stillinga for deg som ynskjer å jobbe på ein mindre institusjon i eit lite samfunn.
Som sjukepleiar/vernepleiar i Solund kommune har du tid til å bli godt kjent med brukarane.
Det kan vere travle arbeidsdagar her hos oss, men på same tid eit heilt anna tempo enn ein opplever på større stadar.
Hos oss skal du få tid til å gjere den gode jobben som sjukepleiar/vernepleiar.

Om du likar å være aktiv/sosial på fritida finnst det mange aktivitetar og frivillige lag for både store og små.
Sjølv om me er små finnst det noko for dei fleste her hjå oss. 

Syns du dette kan høyrast spanande og utfordrande ut, ja då må du søkje stillinga! Slå gjerne på tråden til Wioletta eller Marit, dei gler seg til å høyre frå deg!


Ved tilsetjing vert det krevd politiattest, ikkje eldre enn 3 mnd, og utfylt MRSA-skjema.
Attestar og vitnemål må leggjast fram i samband med intervju.

Offentleg søkjarliste:
Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg informasjon.
Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering vil søkjaren verte kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste vert gjort offentleg.

Velkomen som søkjar!

 


Link til søknadsskjema: Søk her

Solund kommune Helse og omsorg


Hardbakke
6924 Solund
Norge
publicerad: 2024-04-17
Sjukepleiar / vernepleiar 100% fast stilling
Heltid
Fast
sista ansökningsdag: 2024-08-15
erfarenhet:




Källa: ArbetsAnnonser.se