Bygg og anlegg
Helse og sosial
Håndverkere
IT
Industri og produksjon
Kontor og økonomi
Kultur og kreative yrker
Natur og miljø
Reiseliv og mat
Salg og service
Sikkerhet og beredskap
Transport og lager
Uoppgitt/ ikke identifiserbare
Utdanning
 
 
< tillbaka
 

Sjukepleiar/Vernepleiar/Helsefagarbeidar

Hafslo omsorgssenter ligg flott til i fine omgjevnadar sentralt på Hafslo.

Tilsette ved Hafslo omsorgssenter yter tenester til omsorgsplass for personar med demenssjukdom, omsorgsbustadar og til heimebuande.
I tillegg har me eit dagsenter for personar med demenssjukdom.
Me søkjer sjukepleiar/vernepleiar/helsefagarbeidar som kan arbeide fleksibelt innan alle tenesteområda i eininga; omsorgsplass, heimetenesta og dagsenter.
Me har fokus på personsentrert omsorg og miljøbehandling.

Stillingsinformasjon:

  • Me har ledig 100% fast stilling som sjukepleiar/vernepleiar/helsefagarbeidar  frå 01.08.2024/etter avtale.
    Stillinga inngår i turnus med arbeid 4.kvar helg. 
  • Som sjukepleiar/vernepleiar/helsefagarbeidar på Hafslo omsorgssenter vert du ein del av eit fagleg dyktig team med mykje erfaring og kompetanse.
    Me legg stor vekt på utvikling og kompetanseheving i eininga vår. 

Arbeidsoppgåver:

  • Sjukepleiefaglege oppgåver som medikamenthandtering, lindrande behandling, sårstell med meir.
  • Heilskapleg pleie og omsorg til bebuarar i alle einingar
  • Medansvarleg for at det vert laga og gjennomført tiltak og behandling i samsvar med den enkelte brukar sine behov
  • Bidra til aktivitet og omsorg som fremjar livskvalitet
  • Ansvar for journalføring og kommunikasjon med brukar og pårørande ut i frå retningslinjer
  • Rettleie og følgje opp elevar, studentar og nytilsette
  • Vere medansvarleg for eit godt arbeidsmiljø

Kvalifikasjonar:

  • Offentleg godkjend sjukepleiar/vernepleiar/helsefagarbeidar
  • Førarkort klasse B
  • Erfaring/kompetanse innan demensomsorg er ynskjeleg
  • Beherske norsk, skriftleg og munnleg

Me legg vekt på:

  • Gode kommunikasjonsevner
  • Gode samarbeidsevner og evner til å arbeide sjølvstendig og løysingsorientert
  • Personlege eigenskapar
  • Fagleg engasjert med interesse for eldreomsorg

Me kan tilby:

  • Arbeid i ein veldriven kommune med gode og sikre rammevilkår
  • Eit godt og stabilt arbeidsmiljø med høg fagkompetanse
  • Gode moglegheiter for fagleg utvikling
  • Kommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk

Andre opplysningar

  • Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk
  • Alle faste nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader
  • Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2.
    ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste.
    Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort
  • Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit

Link til søknadsskjema: Søk her

Luster kommune Hafslo omsorgssenter


Hafslovegen 122
6869 Luster
Norge
publicerad: 2024-04-18
Heltid
Fast
sista ansökningsdag: 2024-05-13
erfarenhet:




Källa: ArbetsAnnonser.se