Bygg og anlegg
Helse og sosial
Håndverkere
IT
Industri og produksjon
Kontor og økonomi
Kultur og kreative yrker
Natur og miljø
Reiseliv og mat
Salg og service
Sikkerhet og beredskap
Transport og lager
Uoppgitt/ ikke identifiserbare
Utdanning
 
 
< tillbaka
 

Prosjektleiar

Vil du leie eit spennande friluftsliv og folkehelseprosjekt?

Fjordane Friluftsråd har ei nyoppretta stilling som prosjektleiar for StikkUt ledig frå 01.06.23.

Arbeidsoppgåver:

Leie arbeidet med å opprette fullskala StikkUt elektronisk turregistrering i alle våre medlemskommunar.

Gjere avgtale om databasetilknytning til prosjektet.

Legge ut informasjon om prosjektet på web m.m og drifte sida.

Planlegge løype/stinett, turmål i ulike kategorier og vanskeleggrader for å nå flest mogleg brukarar.

Avklare og avtale traseval, løpenett som skal inn i digitale kart, parkering etc.
med grunneigarar.

Halde tett dialog og samarbeid med medlemskommunane, fylkeskommune, statsforvaltar og nabofriluftsråd.

Skilte og merke stiar i tråd med StikkUt konseptet og i dialog med kommunar og grunneigarar.

Vi ynskjer ein medarbeidar som er/har:

Kjennskap til offentleg plan- og prosjektarbeid

Kompetanse innan friluftsliv

Gode digitale ferdigheiter, gjerne innanfor kart og forvaltningsløysingar

Gode samarbeidsevner

Initiativrik, arbeider sjølvstendig og løysingsorientert

Kjennskap til fleire av våre kommunar

Bachelorgrad eller anna relevant utdanning innan fagområdet

FELLES - vi kan tilby:

Ei spanande, utviklande og sjølvstendig stilling

100% stilling i ei bedrift som tek FNs bærekraftmål på alvor

Høve for fast stilling etter ein prosjektperiode på inntil 1 år

Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø

Fleksibel arbeidstid

Kontorstad etter avtale

Løn etter avtale


Fjordane Friluftsråd er ein interkommunal organisasjon starta opp i 2017.
Solund, Bremanger, Askvoll, Kinn, Stad og Stryn er medlemskommunar i friluftsrådet.
Hovedkontoret ligg på Solund Brygge Hardbakke i Solund, men vi har også kontorstad på Horne Brygge i Florø.

Vi arbeider med planlegging, gjennomføring, organisering, og førebyggande arbeid opp imot marin forsøpling.
Skjergardsteneste og eigne ryddelag bidreg sterkt med å rydde kyst og fjordstrøk for marint avfall.
Vi arbeider med offentlege og private aktørar, slik at vi kan legge til rette for god folkehelse med lågterskel friluftsliv.

SOLUND KOMMUNE SAMFUNNS- OG NÆRINGSUTVIKLING


Hardbakke 31
6924 Solund
Norge
webbsida: fjordanefr.no
Bjarte Engevik
Dagleg leiar
91772723
epost
publicerad: 2023-03-21
Prosjektleiar
Heltid
start: 2023-06-01
Fast
epost
sista ansökningsdag: 2023-04-01
erfarenhet:




Källa: ArbetsAnnonser.se