Bygg og anlegg
Helse og sosial
Håndverkere
IT
Industri og produksjon
Kontor og økonomi
Kultur og kreative yrker
Natur og miljø
Reiseliv og mat
Salg og service
Sikkerhet og beredskap
Transport og lager
Uoppgitt/ ikke identifiserbare
Utdanning
 
 
< tillbaka
 

Menneske med nedsett funkjsonevne

Ledig 3 helgestillingar i Pollhaugen 

Pollhaugen er bustadkompleks med 9 personar som bur i eigne bustadar.
Dei har varierande hjelpebehov og diagnosar.
 
Pollhagen (Foldnes) ligg sentralt i Straumeområdet nær offentleg transport og kommunedelsenter. 

Ledig 2 helgestillingar i Grønebakkane  

Grønebakkane bustadar yter heildøgns omsorgstenester til 14 personar med psykisk utviklingshemming med ulike bistandsbehov.
Grønebakkane ligg i Skogsvåg  med gangavstand frå Skogsvåg bussterminal. 

Vi har som målsetting å bidra til at den einskilde bebuar har ein aktiv og meiningsfull kvardag kor trivsel, sjølvråderett og meistring er viktig.
Vi er ein tverrfagleg personalgruppe med vernepleiarar, sjukepleiarar, anna høgskuleutdanna, helsefagarbeidarar, barne og ungdomsarbeidarar og assistentar. 

Arbeidsoppgåver: 

  • Målretta miljøarbeid, rettleiing, praktisk bistand og helsehjelp 

  • Dokumentasjon i fagjournal 

Kvalifikasjonar:  

  • Fagbrev som helsefagarbeidar, men andre søkjarar vil også bli vurdert. 

  • Gode norsk kunnskapar, skriftleg og munnleg 

Ønskjeleg med: 

  • Erfaring frå brukargruppa 

  • Førarkort klasse B  

Personlege eigenskapar: 

  • Være fleksibel og oppteken av å finne løysingar 

  • Evne til å arbeide målretta og strukturert, sjølvstendig og i team 

  • Respekt og engasjement for brukargruppa 

  • Taklar hektiske og psykiske utfordrande situasjonar 

  • Ha ønske om faglege utfordringar 

  • Personleg eigenheit er ein føresetnad og vil vektleggjast særleg 
 

Anna: 

  • Gyldig politiattest må førevisast dersom ein blir tilsett 

  • I Grønebakkane 4.
    kvar helg med lange vakter inntil 13,5 timar 

  • Dersom du er under høgare utdanning som sjukepleiarstudent, vernepleiarstudent, legestudent vert du etter lokal avtale løna slik :   
    1.
    studieår  kr 10.000 over sentral garantiløn,  
    2.
    studieår kr 20.000 over sentral garantiløn,  
    3.
    studieår kr 50.000 over sentral garantiløn.
     
    Du må dokumntere kor langt du er komen i studiet 

Vi tilbyr: 

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar 

  • IA-bedrift 

  • Ein gjevande og meiningsfull jobb 

  • Interessante utfordringar 

  • Høve til fagleg og personleg utvikling 

Kontakt: 

Jostein Gangsøy Eide, Avdelingsleiar Pollhaugen, mobil 488 60 948  

Åshild Erstad Hagen, Avdelingsleiar Grønebakkane, mobil 909 43 934 

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga.
Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn.
Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det. 

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar.
Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det.
Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bedeom ikkje å vert ført opp på søkjarlista.
Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. 


Link til søknadsskjema: Søk her

Øygarden kommune Teneste til menneske med nedsett funksjonsevne


Øygarden rådhus, Foldnesvegen 1
5353 Øygarden
Norge
antal lediga platser: 5
publicerad: 2024-04-25
Helgestillingar
Deltid
sista ansökningsdag: 2024-05-09
erfarenhet:




Källa: ArbetsAnnonser.se