Bygg og anlegg
Helse og sosial
Håndverkere
IT
Industri og produksjon
Kontor og økonomi
Kultur og kreative yrker
Natur og miljø
Reiseliv og mat
Salg og service
Sikkerhet og beredskap
Transport og lager
Uoppgitt/ ikke identifiserbare
Utdanning
 
 
< tillbaka
 

100% stilling som spesialpedagog ved Eitrheimsvågen barnehage

Fast  100% stilling som spesialpedagog fra 01.08.2024 

 

Ved intern tilsetting vil det bli ledig stilling som 100% fast barnehagelærar/pedagogisk leiar.

 

Eitrheimsvågen barnehage

 

Eitrheimsvågen barnehage har 96 plassar fordelt på 5 avdelingar.
Barnehagen ligg på Eitrheim i Odda og har fine naturområder i nærleiken som barnehagen kan nytta seg av.
Vi har og eit stort uteareal til leik og flotte aktivitetar.

Barnehagen jobbar med å skape eit inkluderande barnehagemiljø.
Vi ynskjer å laga trygge kvardagar for små og store gjennom relasjonsbygging i dei daglege aktivitetane og skapa gode rom for leik og vennskap.



Hovudarbeidsoppgaver for stilling:

  • Ansvar for planlegging og utøving av spesialpedagogisk hjelp til førskulebarn

  • Utarbeida individuell utviklingsplan og årsrapport

  • Rettleiing av foreldre og tilsette i barnehagen

  • Samarbeida med andre faginstansar og delta i ansvarsgrupper

  • Bidra til god kvalitet i det allmennpedagogiske og spesialpedagogiske arbeidet i barnehagen gjennom tidleg innsats, kompetansedeling og rettleiing.

  • Samarbeid og deltakelse i nettverk med dei andre spesialpedagogane i kommunen

 

Kompetanse:

  • Barnehagelærar med 30 stp i spesialpedagogikk

  • Dersom me ikkje får kvalifiserte søkjarar vil midlertidig dispensasjon til utdanningskravet verta vurdert jf.
    Lov om barnehage.

  • God norsk evne og kunnskap, minimum nivå B2

Spesialpedagogstillingane i Ullensvang kommune er organisert direkte inn i barnehagane, og barnehagestyrar er spesialpedagogene sin leiar.

 

Personlege eigenskapar:

  • Evne til å sjå og skapa god relasjon til alle barna

  • Sjå barn, føresette og kollegaer som betydningsfulle og viktige for fellesskapet

  • Evne til å fylja opp mål som er sett og implementera dei i aktivitetar for og med barna

  • Evne til refleksjon, gjera vurdering og setta inn tiltak til det beste for barna

  • Evne til å arbeida sjølvstendig

  • Evne til å samarbeida

  • God kommunikasjon, få og gi tilbakemelding

  • Evne til å arbeida målretta og strukturert

  • Løysningsorientert

  • Godt humør og positiv innstilling

  • Evne til å vera tilstades og ha fokus på kvalitet i tenesta

 

Me/vi tilbyr:

  • Varierte arbeidsoppgåver

  • Løn etter hovudtariffavtalen

  • Rekrutteringsavtaler

  • Gode moglegheiter for kompetanseheving med stønad frå kommunen

  • Inkluderande arbeidsliv (IA), fleksibel arbeidstid og gode permisjons- og pensjonsvilkår.

 

Krav:

  • Politiattest


Link til søknadsskjema: Søk her

Ullensvang kommune Eitrheimsvågen barnehage


Opheimsgata 31
5750 Ullensvang
Norge
publicerad: 2024-04-23
Heltid
Fast
sista ansökningsdag: 2024-05-31
erfarenhet:




Källa: ArbetsAnnonser.se