Vi vil auke bemanninga på verkstaden vår og søker etter:
Verkstedleiar/Mekanikar og Anleggsmaskinmekanikar
Verkstadleiar/Mekanikar: Du har ansvar for oppfølging av reperasjonsbestillingar frå maskinførarar/sjåførar og arbeidsfordeling til mekanikarane.
Arbeidet vil også vere operativt, med reperasjonar på bilar og maskiner.
Du vil i tillegg ha ansvar for fleire arbeidsprosessar på verkstaden vår, blant anna halde oversikt over delebestilling og forbruksmateriell til verkstad/lager, servicar/ PKK på bilane og sertifisering av maskinpark.
Anleggsmaskinmekanikar: Vedlikehald/reperasjonar av maskinpark, lastebilar, hengarar og småmaskiner.
Arbeidet vil utførast både på verkstad og ute på anlegg.
Kvalifikasjonar:
- Løysningsorientert, sjølvstendig, evne til å ta ansvar og sikre effektiv framdrift.
- Stor arbeidskapasitet og samarbeidsvilje.
- Fagbrev innanfor relevant fagområde.
- Personlege eigenskapar og relevant erfaring vil verte vektlagt og kan vege opp for manglande formell kompetanse.
- Beherskar godt norsk munnleg og skriftleg.
- Førarkort klasse B, BE og truckførarbevis.
- Tilleggskompetanse t.d.
C/CE og maskinførarbevis er ønskeleg men ikkje eit krav.
Vi kan tilby:
- Interessante og utfordrande arbeidsoppgåver i ei spanande bransje, der du er med på å etterlate varige spor i samfunnet.
- Moglegheit for fagleg utvikling.
- Konkurransedyktige løn- og arbeidsvilkår, forankra i tariffavtale.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar og AFP.
- Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø.
For meir informasjon og innlevering av søknad og CV, sjå vår nettside www.voldamaskin.no eller kontakt Margrete Høydal, e-post margrete@voldamaskin.no.
Søknadsfrist er snarleg.
Kandidatar vil verte vurdert fortløpande.