Bygg og anlegg
Helse og sosial
Håndverkere
IT
Industri og produksjon
Kontor og økonomi
Kultur og kreative yrker
Natur og miljø
Reiseliv og mat
Salg og service
Sikkerhet og beredskap
Transport og lager
Uoppgitt/ ikke identifiserbare
Utdanning
 
 
< tillbaka
 

SOMMERJOBB I FLÅM, NORGE?


Flåm er største reiselivsmål i Norge utanom dei store byane, og kan skilte med
attraksjonar som Flåmsbana, Nærøyfjorden, Aurlandsdalen, Rallarvegen, Flåm
Zipline, Stegastein Utsiktspunkt og mykje meir.

Vi på Flåmsbrygga har for sesongen 2024 fleire ledige stillingar, Flåmsbrygga
omfattar Flåmsbrygga Hotell – Bryggerihotellet, Ægir BryggeriPub, Furukroa Kafé
og Flåmstova Restaurant.
Kan du tenke deg ein kvardag i ei idyllisk bygd ved fjorden der du kan padle kajakk
eller gå på topptur før eller etter jobb?
Freistar det?
I så fall er dette ein moglegheit du ikkje vil gå glipp av!

Kafémedarbeidar / kjøkkenassistent Furukroa Kafé
Furukroa Kafé servere lunsj- og middagsrettar til lokale og internasjonale gjester
året rundt.
Kaféen er fargerik, moderne og hyggeleg med flott utsyn over brygga og fjorden.

- Betjene kunder i kassapunkt.
- Tilberede både varm og kald mat samt påsmurt / kaker.
- Rydde, vaske og etterfyll av varer.
- Stengerutiner samt oppgjer av kasse.

Servitør i Flåmstova Restaurant og Ægir BryggeriPub
Flåmstova Restaurant tilbyr ein rikhaldig lunsjbuffet og middag Á la carte med ein
klassisk og elegant middag i sommarsesongen.
Ægir BrygeriPub tilbyr ein unik kulinarisk oppleving av lokalt øl og mat.
Lunsj og middag Á la carte.

- Halde frukost for hotellets gjester (gjeld Flåmstova Restaurant).
- Servere lunsj og middag til grupper og individuelle gjester.
- Arbeide med kassasystem.
- Handtere bordbestillingar.
- Klargjere arrangement mm.

Kokk
Våre tre serveringsstader treng kokkar som brenn for matlaging og ønsker å jobbe
med vår matfilosofi: det skal vere Ægir-øl i og til maten.

- Har relevant utdanning og / eller relevant erfaring.
- Har kunnskap om matallergier.
- Er fleksibel og arbeidsam.
- Likar å jobbe i eit uformelt og fleirkulturelt team.

Vi ser etter deg som:
- Er over 18 år grunna skjenking av alkohol.
- Har relevant erfaring.
- Snakkar eit skandinavisk språk og / eller engelsk.
- Er utadvent og engasjert med godt humør og god servicehaldning.
- Trivst med hektiske arbeidsdagar, er arbeidsam og fleksibel.
- Vil jobbe dag, kveld og helger etter skiftplan.

For utfyllande informasjon om stillingane, sjå vår webside:
https://www.flamsbrygga.no/om-oss/ledige-stillingar

Vil du søke på stillinga?

Ikkje nøl med å kontakte oss dersom du har spørsmål vedrørande stillinga.
Send søknad med CV direkte til oss.

Kontaktperson:
Erik Walter Vold, Driftsleiar
Telefon: +47 57 63 20 66
E-post: drift@flamsbrygga.no

Om arbeidsgiveren:
Flåmsbrygga er eit av dei mest spanande reiselivskonsepta i landet.
Konseptet omfattar Flåmsbrygga Hotell - Bryggerihotellet, Ægir BryggeriPub,
Furukroa Kafè, Flåmstova Restaurant samt møte- og selskapslokale.
Flåmsbrygga Hotell AS er søsterbedrift til Ægir Bryggeri AS og FjordSafari
Norway AS.

Flåmsbrygga Hotell AS

A-Feltvegen 25
5743 FLÅM
Norge
webbsida: flamsbrygga.no
publicerad: 2024-02-16




Källa: ArbetsAnnonser.se