Bygg og anlegg
Helse og sosial
Håndverkere
IT
Industri og produksjon
Kontor og økonomi
Kultur og kreative yrker
Natur og miljø
Reiseliv og mat
Salg og service
Sikkerhet og beredskap
Transport og lager
Uoppgitt/ ikke identifiserbare
Utdanning
 
 
< tillbaka
 

Kontrollingeniør Loftås - Hauge

Avdeling Infrastruktur og veg (INV) utviklar kvardagsvegane i Vestland.
Kvardagsvegane bind menneske og lokalsamfunn saman.
Dei skaper felles identitet samstundes som dei bind oss saman med resten av landet og Europa.
Vi er ein av landets største byggherrar innan samferdsle, og har vi mange spennande nybygg og oppgraderingsprosjekt i åra som kjem.

Til Utbygging vest søker vi ein fagleg engasjert kontrollingeniør til å følgje mellom anna prosjektet Loftås-Hauge med kontorstad Isdalstø.
I byggefasen vil kontorplass vere anleggskontoret på Osterøy. 


Arbeidskvardagen hos oss

Samarbeid og oppfølging av entreprenør er ein viktig del av arbeidskvardagen til kontrollingeniørane hos oss.
Du vil følge opp entreprenøren sin kontrollplan, og følge opp entreprenør på blant anna framdrift, kvalitet, målebrev og SHA.

God informasjon til naboar og tredjepartar er også ein viktig del av stillinga.
Samstundes følger kontrollingeniøren opp krav frå myndigheiter i saker som til dømes grunnvatn, støv og støy.

Du vil jobbe tett med byggeleiar på prosjekta, og samarbeide med andre kollegaer på avdelinga. 

Hos oss kan du forvente

Vi kan tilby deg ein variert og meiningsfull arbeidskvardag med mykje ansvar.
Det vi gjer betyr mykje for innbyggarane og omgivnadane.

Vi set verdiane våre; open, modig og kompetent høgt.
Vi støttar og utfordrar kvarandre i kvardagen.
Eininga har eit svært godt arbeidsmiljø med kompetente kollegaer.
Det er gode moglegheiter for både personleg og fagleg utvikling.

Hos oss er det betalt overtid, fleksitid og sommartid.
Vi har gode pensjons- og forsikringsordningar.
Løn etter avtale.

Kven vi ser etter?

Du har relevant høgare utdanning.
Dersom du har allsidig praksis kan vi sjå bort frå utdanningskravet.
Det er ein fordel med erfaring med vegbygging / samferdsel.
Vi ønsker også å høyre frå deg om du er nyutdanna. 

Gode IT-kunnskap er naudsynt, og det er ein fordel om du har erfaring med BIM.
Vi har mykje kontakt med omgivnadane slik at god norsk framstilling, både munnleg og skriftleg, er viktig.

Vi ønsker oss ein kollaga som bidreg til fellesskapet, og som er god på samarbeid og struktur.
Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar.

Har du spørsmål til stillinga er du velkomen til å kontakte leiar for utbygging vest Cathrine Botnevik på telefon: 93871300, eller prosjektleiar for Nordhordland og Osterøy Andreas Kolås på telefon: 922 55 979

Verdt å vite

Til denne stillinga er kompetansen din viktigare enn søknadsskriving.
Du treng difor ikkje legge ved søknadsbrev til stillinga.
Vi ønsker at du lagar ein utfyllande CV i jobbsøkarportalen (Webcruiter) som syner kva som gjer deg kvalifisert for stillinga.

Dersom du er aktuell for stillinga tilbyr vi deg ein omvend referansesjekk som inneber at du får ringje nokre av medarbeidarane våre og stille dei spørsmåla du måtte ønske.

Har du spørsmål til stillinga er du velkomen til å kontakte leiar for Utbygging vest Cathrine Haugen Botnevik på telefon; 938 713 00.
Har du heller lyst til å snakke med ein kollega tek du kontakt med prosjektleiar for Nordhordland og Osterøy, Andreas Kolås, på telefon; 922 55 979.

Når du søkjer jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkjarliste.
Det er mogleg å be om unntak frå søkjarlista (offentleglova § 25, 2.
ledd).
Då må du i så fall grunngi kvifor du ønsker det, og vi tek deretter stilling til om vi kan innvilge ønsket ditt.
Kan vi ikkje det, høyrer du sjølvsagt frå oss

Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk.
Alle nytilsetjingar i fylkeskommunen blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. 

Kontaktinformasjon

Andreas Kolås, Prosjektleiar Nordhordland og Osterøy, 92255979, andreas.knarvik.kolas@vlfk.no
Cathrine Haugen Botnevik, Utbyggingssjef vest, +47 93871300, cathrine.haugen.botnevik@vlfk.no

Arbeidsstad

Galteråsen 7
5916 Isdalstø

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune

Referansenr.: 4797838485
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 12.05.2024

INV - Utbygging Vest (Knarvik)


Galteråsen 7
5916 Alver
Norge
epost
webbsida: vestlandfylke.no
publicerad: 2024-04-26
Kontrollingeniør Loftås - Hauge
Heltid
Fast
epost
sista ansökningsdag: 2024-05-12
erfarenhet:




Källa: ArbetsAnnonser.se