Administration, ekonomi, juridik
Bygg och anläggning
Chefer och verksamhetsledare
Data/IT
Försäljning, inköp, marknadsföring
Hantverksyrken
Hotell, restaurang, storhushåll
Hälso- och sjukvård
Industriell tillverkning
Installation, drift, underhåll
Kropps- och skönhetsvård
Kultur, media, design
Militärt arbete
Naturbruk
Naturvetenskapligt arbete
Pedagogiskt arbete
Sanering och renhållning
Socialt arbete
Säkerhetsarbete
Tekniskt arbete
Transport
 
< tillbaka
 

SESONGJOBB I FLÅM, NOREG?


Flåm er største reiselivsmål i Noreg utanom dei store byane, og kan skilte med
attraksjonar som Flåmsbana, Nærøyfjorden, Aurlandsdalen, Rallarvegen, Flåm Zipline,
Stegastein Utsiktspunkt og mykje meir.

Vi på Flåmsbrygga har for sesongen 2023 fleire ledige stilingar.
Flåmsbrygga omfattar Flåmsbrygga Hotell - Bryggerihotellet, Ægir BryggeriPub,
Flåmstova Restaurant og Furukroa Kafè.
Kan du tenke deg ein kvardag i ei idyllisk bygd ved fjorden der du kan padle kajakk
eller gå på topptur før eller etter jobb? Fristar det?
I så fall er dette ein moglegheit du ikkje vil gå glipp av!

Kafèmedarbeidarar / kjøkkenassistentar Furukroa Kafè
Furukroa Kafé serverer lunsj- og middagsrettar til lokale og internasjonale gjester året
rundt.
Kaféen er fargerik, moderne og hyggeleg med flott utsyn over brygga og fjorden.

Arbeidsoppgåver vil mellom anna omfatte:
- Betjene kunder i kassapunkt.
- Tilberede både varm og kald mat samt påsmurt/kaker.
- Rydde, vaske og etterfylle varer.
- Stengerutiner samt oppgjer av kasse.

Servitørar Flåmstova Restaurant & Ægir BryggeriPub
Flåmstova Restaurant tilbyr ein variert lunsjbuffé, samt klassisk a la carte
middagsservering i sommarsesongen.
Ægir BryggeriPub tilbyr ein unik kulinarisk oppleving av lokalt øl og mat, lunsj og
middag à la carte.

Arbeidsoppgåver vil mellom anna omfatte:
- Halde frukost for hotellets gjester (gjeld Flåmstova Restaurant).
- Servere lunsj og middag til grupper og individuelle gjester.
- Arbeide med kassasystem.
- Handtere bordbestillingar.
- Klargjere arrangement mm.

Kokkar
Våre tre serveringsstader treng kokkar som brenn for matlaging og ønsker å jobbe med
vår matfilosofi: det skal vere Ægir-øl i og til maten.

Arbeidsoppgåver vil mellom anna omfatte:
- Følgje interne rutinar.
- Riktig handtering av matvarer, maskiner og verktøy.
- Tilbrede varm mat til lunsj og middag i følgje meny og etter gjestenes preferanse.
- Oppretthalde høg standard på service til einkvar tid.
- Arbeide effektivt og nøyaktig i travle periodar.

Oppvaskarar
Vi søker etter engasjerte og fleksible oppvaskarar til Ægir BryggeriPub, Flåmstova
Restaurant og Furukroa Kafé.

Arbeidsoppgåver vil mellom anna omfatte:
- Reinhald av maskiner og utstyr.
- Oppvask.
- Rydding.
- Bistå med andre oppgåver ved behov.

For utfyllande informasjon om stillingane, så vår nettisde:
www.flamsbrygga.no/ledige-stillingar

VIL DU SØKE PÅ STILLINGA?

Ikkje nøl med å kontakte oss dersom du har spørsmål vedrørande stillinga.

Send søknad med CV til Eileen Winnem Bjerga, Driftsansvarleg.
Telefon: +47 57 63 20 66
E-post: eileen@flamsbrygga.no

OM ARBEIDSGIVAREN
Flåmsbrygga er eit av dei mest spanande reiselivskonsepta i landet.
Konseptet omfattar Flåmsbrygga Hotell - Bryggerihotellet, Ægir BryggeriPub, Furukroa
Kafè, Flåmstova Restaurant samt møte- og selskapslokale.
Flåmsbrygga Hotell AS er søsterbedrift til Ægir Bryggeri AS og FjordSafari Norway AS.

Flåmsbrygga Hotell AS

A-Feltvegen 25
5743
FLÅM
Norge
webbsida: flamsbrygga.no
publicerad: 2023-01-19




Källa: ArbetsAnnonser.se