Skogen på Jæren treng ein rådgjevar med kunnskap, interesse og engasjement for skogbruk.
Kommunane Time, Hå og Klepp har inngått ein samarbeidsavtale om ei felles stilling i 50 % som fagansvarleg skogbruk.
Kontorplass vert i Klepp, men du vil også ha god kontakt med dei to andre landbrukskontora.
I tillegg vil du vere landbruksrådgjevar i Klepp i ei 50 % stilling, slik at denne todelte stillinga tilsaman utgjer 100 %.
Klepp kommune er ein av landets største landbrukskommunar.
Her er det mange varierte produksjonar innanfor husdyr, planteproduksjon og veksthus.
Som rådgjevar vil du inngå i eksisterande team som arbeider med forvaltning av landbrukssaker og tilskot.
Me treng deg med på laget vårt for å arbeide med saker som gjeld skogbruk og landbruk.
Arbeidsoppgåver
- Følgje opp skogbrukslova med forskrifter, lokal vernskogforskrift, behandling av hogstmeldingar og tilskotssøknader, gjennomføre kontrollar, bruk av skogfondets rentemidler og anna som kjem inn under offentleg skogbruksforvaltning
- Kontroll i samband med tilskot, hogst og forynging
- Følgje opp saker knytt til naturmangfaldslova, konsesjonslova, motorferdsellova og grannelova i skogområde
- Rettleiing av skogeigarar, bønder og andre innanfor avdelinga sitt arbeidsområde
- Andre saksbehandlingsoppgåver knytt til rolla som fagansvarleg skogbruk eller landbrukrådgjevar
- Som landbruksrådgjevar vil du arbeide med saksbehandling av tilskotsordningar og saker knytt til forvaltninga som landbruksvegar, nydyrking m.m.
Kvalifikasjonar
- Evne til å arbeide sjølvstendig samt gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- Ha interesse for å sette deg inn i faglege problemstillingar, tolke regelverk, sjå samanhengar, og ta utfordringar
- Nytenkande, løysningsorientert og fleksibel
- Ansvarsbevisst, nøyaktig og påliteleg
- Bidreg til eit godt arbeidsmiljø
Personlege eigenskapar
- Evne til å arbeide sjølvstendig, samt gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- Ha interesse for å sette deg inn i faglege problemstillingar, tolke regelverk, sjå samanhengar og ta utfordringar
- Nytenkande, løysingsorientert og fleksibel
- Ansvarsbevisst, nøyaktig og påliteleg
- Bidreg til eit godt samarbeidsmiljø
Attester og vitnemål
Vi ber om at dulaster opp attester og vitnemål, i PDF-format, sammen med søknaden din.Utenlandske vitnemål må være NOKUT-godkjente (hkdir.no) og utenlandske attesteroversatte til et skandinavisk språk eller engelsk.
Vi tilbyr
- Godt tverrfagleg arbeidsmiljø
- Fagleg utfordrande, varierte og utviklande arbeidsoppgåver
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
- Løn etter avtale
- Fleksibel arbeidstid
Kontaktinformasjon
Atle Barkve, Landbrukssjef, +47 97665369
Arbeidsstad
Solavegen 1
4351 Kleppe
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Klepp kommune
Referansenr.: 4805564630
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 10.05.2024