Bygg og anlegg
Helse og sosial
Håndverkere
IT
Industri og produksjon
Kontor og økonomi
Kultur og kreative yrker
Natur og miljø
Reiseliv og mat
Salg og service
Sikkerhet og beredskap
Transport og lager
Uoppgitt/ ikke identifiserbare
Utdanning
 
 
< tillbaka
 

Sjukepleiar 100 % fast stilling

Vi har ledig 100 % fast stilling som sjukepleiar ved Sykkylven bu- og aktivitetssenter (BUAS), avdeling sone 1.

Stillinga er ledig frå dags dato og inneber turnusarbeid dag/kveld med arbeid kvar 3.
helg.

Er dette noko for deg eller nokon du kjenner? Då håper vi at du sender oss ein søknad!

Sone 1 har 17 plassar fordelt over 2 bufellesskap.
Det er mange dyktige og fagleg engasjerte kollegaer i eit godt arbeidsmiljø.

Det er samarbeid på tvers av avdelingar ved behov.

På BUAS er det totalt 60 plassar fordelt på 4 avdelingar.
Det er 2 avdelingar for demente,  2 avdelingar med heildøgns omsorg (leiligheter)der det også er nokre langtids institusjonsplassar.
På omsorgssenteret er det også korttidsrehab avdeling og 1 KAD plass som er organisert under heimetenestene.


Arbeidsoppgåver

  • Planlegge, prioritere og gje god sjukepleie til pasientar
  • Sørge for at tenesta følg lovverk, kommunale føringar og fagleg god praksis
  • Halde seg oppdatert innan eige fagområde og delta i utviklingsarbeid
  • Bidra til eit godt samarbeid med pasientar og pårørande

Kvalifikasjonar

  • Autorisasjon som sjukepleiar.
  • Beherske dei vanlegaste IKT-verktøya
  • Det stillast krav om norske språkferdigheiter tilsvarande B2 munnleg og skriftleg på Europarådets nivåskala (CEFR).
  • Evne til å halde seg fagleg oppdatert
  • Ved tilsetting kreves det tilfredsstillande politiattest, MRSA og TBC eigenerklæringer

Personlege eigenskapar

  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • Vere strukturert og løysingsorientert
  • Er fleksibel og har evne til å arbeide sjølvstendig og saman med andre
  • Vise fagleg engasjement
  • Motivert, serviceinnstilt og fleksibel
  • Har evne til å ta ansvar, samt nytenking og utvikling
  • Personlege eigenskapar blir lagt vekt på ved tilsetting
  • Har godt humør og bidreg til eit positivt arbeidsmiljø

Vi tilbyr

  • Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver 
  • Gode kollegaer og triveleg arbeidsmiljø  
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP (hyperlenke)
  • Rekrutteringstillegg til nytilsette

 

Offentlegheit
Vi gjer merksam på at det er offentleg søkjarliste.
Unntak frå offentlegheit må grunngjevast jf.
offentleglova § 25 andre ledd.

 
Vitnemål og attestar
Vi ber om at søkjar leverer vitnemål og attestar slik at det blir rekna ut rett ansiennitet og løn.
Vitnemål kan hentast inn frå Vitnemålsportalen under vedlegg i søknaden.

Kontaktinformasjon

Wenche Oldeide, Einingsleiar, 90118218 , wenche.oldeide@sykkylven.kommune.no

Arbeidsstad

Haugneset 16
6230 SYKKYLVEN

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Sykkylven kommune

Referansenr.: 4805290590
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 12.05.2024

Sykkylven bu- og aktivitetssenter, Sykkylven kommune


Haugneset 16
6230 Sykkylven
Norge
webbsida: sykkylven.kommune.no
publicerad: 2024-04-25
Sjukepleiar 100 % fast stilling
Heltid
epost
sista ansökningsdag: 2024-05-12
erfarenhet:




Källa: ArbetsAnnonser.se