Administration, ekonomi, juridik
Bygg och anläggning
Chefer och verksamhetsledare
Data/IT
Försäljning, inköp, marknadsföring
Hantverksyrken
Hotell, restaurang, storhushåll
Hälso- och sjukvård
Industriell tillverkning
Installation, drift, underhåll
Kropps- och skönhetsvård
Kultur, media, design
Militärt arbete
Naturbruk
Naturvetenskapligt arbete
Pedagogiskt arbete
Sanering och renhållning
Socialt arbete
Säkerhetsarbete
Tekniskt arbete
Transport
 
< tillbaka
 

100% stilling som mijøterapeut ved Mjøstølen avlastningsbustad, Odda

100% stilling som miljøterapeut ved Mjøstølen avlastningsbustad, Odda

På Mjøstølen avlastningsbustad yter me tenester til familiar med barn med særskilte behov.
Vi yter også tenester til vaksne med særskilte behov, og har døgndrift.

Vi er opptekne av at barna og familiane skal oppleve tryggleik når barnet er hjå oss.
Arbeidet innebærer å skape gode og trygge rammer for barna, støtte dei i kvardagslege aktivitetar og leik, samt følge opp individuelle behov og samarbeid med pårørande og andre instansar.
Vi er eit godt team som er opptekne av å gi gode, stabile tenester, samt støtte og hjelpe kvarandre i arbeidet.
Akkurat no førebur vi oss på å prøve ut ein ny turnus med langvakter, etter ønske frå dei tilsette.
Dette vil gi fleire opphold mellom kvar arbeidsperiode og med arbeid kvar fjerde helg.

Vi har tre ledige 100% faste stillingar.
Vi søker primært etter miljøterapeut til stillingane, men høyrer gjerne frå deg som har anna bakgrunn, erfaring og interesse for faget og brukargruppa.

Det er ønskelig med oppstart i stillingane 02.september 2024, med moglegheiter for tidlegare tiltreding.

Du må gjerne ringe oss for ein uforpliktande samtale!

Hovudarbeidsoppgåver

● Målretta miljøarbeid

● Samarbeid med skule, spesialisthelsetenesta og pårørande

● Følge opp interne rutinar i samarbeid med leiar

● Bidra til eit godt arbeidsmiljø

● Legemiddelhandtering

Vi ser etter deg som

● har erfaring frå målretta miljøarbeid og målgruppa

● har erfaring med vedtak etter kap 9

● har gode samarbeidsevner, er fleksibel og positiv

● likar å vere i fysisk aktivitet

● er stabil og personleg skikka til stillinga

● meistrar norsk skriftleg og munnleg

Vi kan tilby

● Ein fagleg krevjande, spennande og lærerik jobb

● Opplæring og rettleiing

● Dyktige, hyggelige og løysingsorienterte kollegaer

● Lønn etter hovudtariffavtalen

● Gode moglegheiter for kompetanseheving med støtte frå kommunen

● Ullensvang kommune har inkluderande arbeidsliv (IA) og gode permisjons- og pensjonsvilkår.

Krav:

● Politiattest

Kontaktpersonar: Arbeidsleiar Silje Vintertun Grasdal, tlf.: 48 01 52 78

Netjobs Group AB


Sverige
publicerad: 2024-04-24
Naturterapeut
Tills vidare
Heltid
start: Vanlig anställning
Fast månads- vecko- eller timlön
Fast månads- vecko- eller timlön
ansök här
sista ansökningsdag: 2024-05-11
erfarenhet:




Källa: ArbetsAnnonser.se